NRK Meny
Normal

– Byreklame er som ein slags kreft

I årets Festspillutstilling går Ane Hjort Guttu hardt ut mot reklame i byrommet.

Reklame på bybanestopp

BYREKLAME: I 2016 skal også Bergen få reklame på offentlege haldeplassar, mellom anna på bybanestoppa. Foto: Kråkenes/Løkstad. Redigering: Christine Kongsvik.

Årets Festspillutstillar rettar sterk kritikk mot reklamen i byrommet i Oslo. Ane Hjort Guttu har henta ut deler av reklamen ein kan sjå på t-banestopp og busshaldeplassar i hovudstaden, for å vise kva ho meiner reklame i offentlege rom gjer med ein by, og med dei som lever der.

Anne Hjorth Guttu

Ane Hjort Guttu tematiserer reklame i offentlege rom i årets Festspillutstilling.

Hjort Guttu samanliknar plakatane- og reklametårna i Oslo med ein sjukdom.

– Det er som ein slags kreft. Eg tykkjer det er ubehageleg når ein må sjå på ein skjerm heile tida. Då klarer du faktisk ikkje å tenke på noko anna. Det er ein liten del av hjernen din, eller merksemda di, som nokon andre tek frå deg. Det er det eg tykkjer er verst, at eg ikkje får vere i fred, seier Hjort Guttu.

Oslo avviser kritikken

Bård Folke Fredriksen

Byråd for byutvikling i Oslo, Bård Folke Fredriksen (H) avviser kritikken.

Foto: Olav Juven / NRK

I bytte mot byromsreklamen har Oslo fått midlar til mellom anna å styrke kollektivtilbodet. Byråd for byutvikling i Oslo, Bård Folke Fredriksen (H) meiner reklame er ein liten pris å betale for goda det fører med seg. Han er ikkje einig i kritikken frå Hjort Guttu.

– Nei, absolutt ikkje. Reklame på t-bane og haldeplassar gjer at me kan få 750 nye leskur, 3000 bysyklar, 15 offentlege toalett, og eit enno betre kollektivtilbod, seier Fredriksen (H).

LES OGSÅ: Biskopen ut mot reklame | Demonstrerte mot reklame

– Lettare å puste i Bergen

Oslo kommune har hatt byreklame på t-banen og kollektive haldeplassar i mange år. I Bergen vedtok bystyret å opne for reklame i juni i fjor. Reklamen er enno ikkje på plass, og vil truleg ikkje vere det før hausten 2016.

Byreklame Oslo

OSLO: I hovudstaden har reklame lenge vore å sjå på buss- og t-banestopp.

Foto: NRK

Det merkast godt at Bergen enno er fri for reklame, meiner kunstnaren.

– Det har vore ein lang debatt i Bergen om reklame i byrommet, og mange bergensarar deltok jo i den store aksjonen der dei sa nei. Men når det no likevel blei vedteke, er ein del av arbeidet å syne fram kva det er ein har sagt ja til. Det er dette ein må stå og sjå på kvar dag på veg til jobb, seier Hjort Guttu.

Festspillutstillingen 2015 er open frå 28. mai-16. august 2015 i Bergen Kunsthall.

LES OGSÅ: – Ti millionar er Mikke Mus-pengar

Siste video

Programleder er Mariann Reikerås