NRK Meny
Normal

– Bruker barn som gratis arbeidskraft

Barn blir ofte brukt som tolkar for sine foreldre, og dette kan få alvorlege konsekvensar. No kan ei ny lov stoppe praksisen.

Første skoledag illustrasjon

NY LOV: Barn blir ofte brukt som tolkar for sine foreldre. No kan ei ny lov stoppe dette.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Tenk deg at du som barn skal tolke eit legebesøk for dine foreldre, kor sjukdom og eit vanskeleg språk finnast. Mange barn må ta eit slikt ansvar i familien, og blir sett til å tolke.

Geir Wilhelm Monsen dagleg leiar for tolketenesta Noricom vest, har sett fleire tilfelle kor barn blir brukt som tolk og meiner det kan ha konsekvensar for både barna og foreldra.

– Eit barn er veldig følelsesmessig knytt til foreldra. Om det kjem ubehagelege ting så prøver dei ubevisst å skjule det som blir sagt av legen, tolkar annleis og pakkar det inn litt. Det har fått konsekvensar med feilmedisinering og ganske alvorlege konsekvensar der igjen, seier Monsen.

Konsekvensar

I ei undersøking utført av integreringsdirektoratet svarer fem prosent av fastlegane at dei ofte kommuniserer med pasienten gjennom eit mindreårig familiemedlem i staden for tolk. Monsen meiner no det er viktig med ei lovendring.

– Framleis seier folk at det ikkje er nødvendig med tolk fordi dei har eit barn som er veldig flink i språket og som kan tolke. Eg veit at til dømes Helse Bergen hadde ein aksjon for to år sidan og då vart det redusert kraftig, men likevel så skjer det endå, seier Monsen.

Har lenge vore eit problem

Fungerende barneombud, Camilla Kayed

UROA FOR: Camilla Kayed, fagsjef i Barneombudet, seier det er eit problem at barn blir brukt som tolkar og at det er noko dei lenge har vore uroa for.

Foto: Kjersti Kanestrøm Lie / NRK

Camilla Kayed fagsjef i Barneombudet seier det er eit problem dei lenge har vore uroa for.

– Barneombudet har snakka med unge vaksne som har blitt brukt som tolk då dei var barn. Dei har fortalt oss at det er ei oppleving som har vore vanskeleg for dei. Dei meiner dette er å bruke barn som gratis arbeidskraft, så dette synest vi er veldig alvorleg, seier Kayed.

Borne- og likestillings departementet har no lagt fram eit lovforslag til regjeringa om å forby bruk av barn som tolk. Statssekretær i borne- og likestillingsdepartementet Kai Morten Terning meiner det lenge har vore eit problem som må løysast. Han håpar lovendringa no kjem.

– Barn skal få lov til å vere barn og sleppe å ta omsyn til vaksenproblem. Difor har vi ute ei høyring om å innføre forbod om å bruke barn som tolkar i samtaler mellom foreldre og det offentlege, seier Terning.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.