Hopp til innhold

– Bergen kommune braut ikkje alkohollova

Etter å ha involvert seg i ølsalet under den store skutefesten i Bergen i sommar, fekk kommunen kritikk. No slår dei tilbake.

Tall Ship Races folkemengde

– HAR IKKJE BROTE LOVA: Kommuneadvokaten i Bergen har konkludert med at Bergen kommune ikkje har brote lova.

Foto: Eivind Senneset

Det er kommuneadvokaten som har gått gjennom avtaler og dokument i forbindelse med Tall Ships Races-arrangementet i Bergen i sommar. Advokaten konkluderer med at kommunen ikkje braut alkohollova under arrangementet.

Det var Bergens Tidende som i sommar avdekka at kommunen påla uteserveringane å selje øl frå Hansa og tok imot seks kroner for kvar liter av ølet som blei seld under festivalen. I tillegg måtte utestadar gi frå seg areal dei leiger av kommunen, for å så leige dei tilbake for ein høgare pris.

Helseminister Bent Høie (H) har på generelt grunnlag uttala at det er ulovleg å setje som vilkår for å få skjenkebevilling at berre ein leverandør kan vert nytta.

– Lovleg

– I svaret frå kommuneadvokaten kjem det ganske tydeleg fram at vi ikkje brote alkohollova. Det er direkte feil at kommunen ikkje kan trekkje inn areal for å leige ut for andre prisa, sa byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen ifølgje BT i dagens bystyremøte i Bergen.

I rapporten frå kommuneadvokaten vert det peika på at Bergen kommune likevel ikkje har følgt prosedyrane ved inngåing av sponsoravtalane. Kommunaldirektør Robert Rastad er tilfreds med både kommuneadvokaten sine konklusjonar og peikefingeren om sponsoravtalane under arrangementet.

– Kommunen må få betre rutinar for inngåing av større sponsoravtalar. I dette tilfellet har vi følgt praksisen frå tidlegare år, slik tilsvarande arrangement også er gjennomført i andre kommunar, utan å ha sikra oss om at alle formalitetar er i orden.

– Denne saka syner at både Bergen og andre kommunar har behov for avklaringar om korleis vi skal stelle oss til sponsoravtalar i framtida. Vi vil ta initiativ til å få det klargjort.