Hopp til innhold

– Brannen i Lærdal er ein vekkjar

– Bergen har mange brannsmitteområde med tett trehusbebyggelse. Når me ser kva som skjer i Lærdal blir det ein tankevekkjar, seier brannsjef i Bergen, Johnny Breivik.

brann

LÆRDAL: Fleire hus er fullstendig utsletta etter den forrykande brannen i helga.

Foto: NRK

– Brann i tett trehusbebyggelse er jo alle brannvesen sin store skrekk. Me har fleire slike område i Bergen.

Over 20 hus er totalskadde i brannen på Lærdalsøyri. Den kraftige vinden har no løya, men fleire hus står framleis i fyr. Brannen starta i eit bustadhus like før klokka 23 laurdag kveld. Det har fått brannsjefen til å tenkja.

Har mange brannsmitteområde

brann

APRIL 2013: Ein kraftig brann i område med tett trehusbebygging. Her frå Lille Øvregaten i Bergen sentrum.

Foto: Renold Tennysen Christopher

Fleire område i Bergen er sårbare område med tett trehusbebyggelse.

– Me har fleire såkalla bransmitteområde her. Å vera førebudd på brannar i slike område er noko me har vore opptekne av lenge.

– Alle hugsar jo brannen i Bergen for åtte, ni månader sidan. Den blei kjempa effektivt av Bergen brannvesen.

Breivik fortel at det dagleg blir arbeidd med å forhindre at det liknande situasjonar skal skje i Bergen.

– I Bergen har me gode planar, og vi trenar mannskapet vårt på dette kvar dag. Me vart jo utan tvil sett på prøve i april i fjor.

– Bergen er godt førebudd

Harald Ibenholt, seksjonsleiar ved Riksantikvaren samtykker i at Bergen brannvesen er godt førebudd, dersom noko liknande skulle skje.

– I Bergen har ein vore opptekne av dette lenge. Men det er vanskeleg å seie om nok blir gjort. Det gjeld heile landet, seier Ibenholt.

Han legg til at Bergen brannvesen har pesialutstyr for sløkking av brann i område med tett trehusbebyggelse.

– Nyleg vart det gjennomført ei undersøking av direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) for å sjå kva som blir gjort i kommuner med brannsikring.

Resultatet av undersøkinga er førebels ikkje klart.

Viktig påminning

Ibenholt

GODT FORBEDT: Seksjonsleiar ved Riksantikvaren, Harald Ibenholt, seier at Bergen brannvesen er godt førebudd på brann i tett trehusbebygging.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Brannsjefen seier at brannen i Lærdal er ei viktig påminning.

– Me ser jo kor gale det kan gå. Det er enormt viktig for oss å vera godt førebudd.

Blir det arbeidd nok med dette?

– Me kunne sjølvsagt gjort meir enn det me gjer. Men me har utan tvil eit fokus på dette.

Brannsjefen legg til at det er viktig å lære av det som skjer andre plassar.

– Det er viktig å hugse på at her i Bergen er det ei viss risiko uansett. Slik er det berre på grunn av trehusbebyggelsen, seier brannsjefen.