NRK Meny
Normal

– Bra vi ikkje fekk reint fleirtal

I fire år har Senterpartiet hatt reint fleirtal i kommunestyret i Jondal. Ordføraren er glad den tida no er over.

Jon Larsgard

MÅ SAMARBEIDE: Den sittande ordføraren i Jondal heiter sjølvsagt Jon. No må han i forhandlingar for å behalda vervet. Dét ser han positivt på.

Foto: Tale Hauso / NRK

Vallogo

– For det politiske livet er det bra at ein ikkje har reint fleirtal. Sånn sett kan ein velje å sjå positivt på årets valresultat, seier Jon Larsgard, som er sittande ordførar i Hardanger-kommunen.

Sp fekk 45,3 prosents oppslutnad i Jondal. Det er klar tilbakegang som gjer at partiet mista ein representant i kommunestyret. Tapet av den eine representanten gjer at partiet går fire år utan reint fleirtal i møte.

Trur på ordførarvervet

Jondal valresultat

VALRESULTATET FRÅ JONDAL:

– Vi må finne oss ein samarbeidspartnar for å sikre ordføraren framover. Så no ligg det ein invitt til eit breitt samarbeid, seier Larsgard, som har invitert dei andre partia, Arbeidarpartiet, KrF og Høgre til samtalar.

– Men får du fortsetja som ordførar?

– Ja, eg håpar signalet frå veljarane er så tydeleg at det blir resultatet. Men vi må ha samtalar med dei andre partia og bli einige, seier han.

Høgre mest fram

Vinnaren av kommunevalet i Jondal blei Høgre, med ein framgang på 6,3 prosentpoeng til 18,5, og tre representantar i kommunestyret. KrF blir sitjande med sine to mandat, Arbeidarpartiet med fire, slik dei har gjort siste perioden.

Ordførar Larsgard er trass i nedgang, svært nøgd med resultatet Senterpartiet har fått i kommunevalet.

– Det er vel det nest beste kommunevalet Sp har gjort nokon gong, seier han.

Siste video

Aune og Vebjørn Sand med lågterskel kunstutstilling i Bergen.
Programleder er Mariann Reikerås.