NRK Meny
Normal

– Bokbåten er mykje meir enn bøker

Forslaget om å legga ned bokbåten Epos vekker sterke reaksjonar. – Pengane ein sparer på å legga ned er småtteri, meiner forfattarar.

Forslaget om å legga ned Bokbåten Epos vert ikkje tatt godt i mot.

POPULÆR: Bokbåten Epost vart besøkt av over 4000 vestlendingar i fjor. Måndag ettermiddag låg båten til kai i Bergen, og fleire hadde møtt fram for å visa motstand mot forslaget om nedlegging.

I Hordaland er det nok ein gong snakk om å legga ned Vestlandets flytande bibliotek, bokbåten Epos.

– Dette er distriktspolitikk og ein vestlandsk kulturtradisjon, seier forfattar Chris Tvedt.

I fjor blei drifta i Sogn og Fjordane nedlagt. No engasjerer fleire kjende forfattarar seg for å forhindra at Hordaland fylkeskommune skal spara pengar på denne måten.

– Det vert bore i land 23 00 bøker på 52 små bygder på Vestlandet kvart år. Dette tilbodet når folk i distrikta som ikkje har same tilbod som folk i byane har, seier forfattar Stig Holmås.

– Må stramma inn over alt

Fylkeskommunen skal stramma inn, og rådmannen meiner dei vil spara 1, 4 millionar kroner på å legga ned tilbodet.

– Me må gå inn på alle område me har ansvar for. Anten det er vidaregåande skular, ferjer eller bussar. Me må gjera tiltak og dette vil ramma alle, seier Rune Haugsdal.

Aksjonsgruppa meiner det er feil prioritering å legga ned båten.

– Når du tenker på alt denne båten betyr for folk i regionen, så er 1, 5 millionar småtteri. Du får så mykje for dei pengane som du ikkje får nokon annan plass, seier Holmås.

Forfattere

VIKTIG TILBOD: Forfattarane Gunnar Staalesen, Stig Holmås og Chris Tvedt meiner alle tre at forslaget om å legga ned bokbåten vil vera dårleg distriktspolitikk.

Foto: NRK

Magiske minne

Bokbåtkontakt i Lindås kommune, Agathe Gausereide, meiner bokbåten betyr utruleg mykje for folk i distrikta.

– Det vil bli eit stort sakn og eir stor vakuum om den forsvinn. Det er heilt utenkeleg å ikkje ha den lenger.

For båten er også mykje meir enn berre bøker, meiner ho.

– På båten får ein kulturelle opplevingar, som me tek med oss frå med er små og inn i resten av livet. Me har hatt mange magiske augneblink om bord på båten.

I desember avgjer fylkestinget båten sin vidare skjebne.