Hopp til innhold

– Blir operert no

Det var ein 21 år gammal mann frå Kvinnherad som var involvert i MC-ulukka ved Valen i dag. – Han er alvorleg skadd, og blir operert på Haukeland Universitetssjukehus akkurat no, fortel Hans-Eirik Thue, operasjonsleiar i Vest politidistrikt. Politiet sine undersøkingar på ulukkestaden er ferdig, og fylkesveg 48 er open for normal trafikk.