Viste mistillit til barnevernet med fakkeltog

Fleire i Samnanger kommune har ikkje tillit til barnevernet. Lege Jakob Christian Norup meiner barnevernet bad han om å lura pasientar.

Facebookevent om fakkeltog i Samnanger
Foto: Skjermpump

Mange innbyggjarar i Samnanger kommune i Hordaland har ikkje tillit til det kommunale barnevernet, og meiner at barnevernet i fleire saker har gjort forhasta vedtak.

Tysdag kveld blei det arrangert fakkeltog i kommunen, der blant anna lege Jakob Christian Norup deltok. Norup stilte opp i fakkeltoget på grunn av ei hending som skjedde 16. januar i år, som han først fortalde om i BT .

– Eg og ein person til som er tilsett i helsevesenet fekk denne dagen same telefon frå barnevernet, der me blei bedne om å kontakta ei mor og få henne til å komma med sine to barn til helsestasjonen. På helsestasjonen skulle dei helst bli førte til to ulike rom, slik at barna kunne bli fjerna frå mora, fortel Norup til NRK.no.

– Tillit er avgjerande

Han reagerer sterkt på det han oppfatta som at han skulle vera med på å lura ein pasient.

– Det er uakseptabelt. Tillit mellom lege og pasient er avgjerande og foreldre skal ikkje måtta vera redde for å ta med seg barna sine til lege. Både eg og den andre personen nekta difor sjølvsagt å vera med på dette. Det eg blei beden om samsvarer ikkje med rolla som fastlege, seier Norup.

Han har sendt brev med klage på denne hendinga til Fylkesmannen i Hordaland og til ordføraren i Samnanger kommune.

– Det viste seg seinare at då eg ikkje blei med på det barnevernet ønskte, så blei ikkje barna fjerna. Barnevernet fann same dag at det ikkje fanst grunnlag for fjerning. Det får meg til å føla meg misbrukt og eg lurer på kva som hadde skjedd viss eg ikkje hadde sagt ifrå, seier Jakob Christian Norup.

200 gjekk i fakkeltog

Norup stilte opp i fakkeltoget tysdag kveld for å få merksemd rundt denne episoden. Saman med rundt 200 andre gjekk han i fakkeltog til kommunehuset i Samnanger, der kommunestyret var samla til ekstraordinært møte for å diskutera barnevernet.

Marit Aksnes Aase

– STERKT: Ordførar MArit Aksnes Aase synes det var stekt å møta rundt 200 i frå fakkeltoget utanfor kommunehuset.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Initiativtakar til fakkeltoget, Stein Birger Haga, haldt der ein appell. Kommunestyrerepresentantar kom ut og møtte dei som gjekk i fakkeltog.

– Det var stekt å møta eit så stort engasjement og det gjorde stort inntrykk. Ein kjenner det når ein står på trappa og tar i mot mistillit til ei så viktig teneste som barnevernet er, seier ordførar Marit Aksnes Aase (KrF) til NRK.no.

Ber om gjennomgang av barnevernet

Tysdag kveld sat kommunestyret i møte frå 17.30 til 21.00. Samnanger kommune sendte etter møtet ei pressemelding om at kommunestyret tar kritikken mot barnevernet på høgste alvor.

Rådmannen får i oppdrag å utarbeida ei sak om gjennomgang av barnevernet i kommunen til eit kommunestyremøte 6. mars.

– Me ønskjer eit breiare grunnlag før me fattar vedtak, seier ordføraren.

Lege Jakob Christian Norup har tillit til at kommuneleiinga vil ordna opp i situasjonen.

– Eg har tiltru til at dei vil sjå på og ta tak i det som er nødvendig å gjera for at Samnanger skal få ein barnevern som bygger opp tillit framfor å bygga ned, seier Norup.