– Bilistane blir skvisa vekk, og må betale for bussane

Frp rasar mot forslaget om å gi kollektivtrafikken to av fire felt på alle innfartsårer mot Bergen.

Gustav Bahus

REAGERER KRAFTIG: Frp og Gustav Bahus meiner det er eit håplaust forslag å la bilistane betale for ein kollektivtrafikk som skal erobre halve vegen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Fleirtalet på fylkestinget i Hordaland har for første gong gått inn for å opne for kollektivfelt på alle firefeltsvegane inn mot Bergen.

– Skal vi få folk til å setje bilen frå seg, og ta buss i staden, må ikkje bussen stå i kø. Det er kollektivfelt eit effektivt verkemiddel for å få til, seier Marthe Hammer (SV).

SV har kjempa for saka i ei årrekkje, og fekk på fylkestinget med seg alle parti utanom Høgre og Frp. Fleirtalet gjekk også inn for at pengar frå bompengeringen skal brukast til å finansiera drift av buss og bybane.

Dermed må bilistane i praksis betale for bussane dei må vika for i trafikken.

Marthe Hammer

– BUSSEN MÅ FRAM: Marthe Hammer (SV) fekk gjennom forslaget partiet har kjempa for i ei årrekkje.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Bilistane må betale

Gustav Bahus, fraksjonsleiar for Frp si fylkestingsgruppe i Hordaland, er lite begeistra for vedtaket frå det nye fleirtalet i fylkespolitikken.

– Eg synest vi har kome langt utanfor alle rimelege grenser når ein vil strupe inn ein firefelts motorveg for å få folk over på kollektivtransport, og kollektivtransporten skal finansierast av bilane ein skvisar vekk, seier Bahus.

Han trur også finansieringsmetoden på sikt kan vere uheldig for kollektivtransporten.

– Dersom ein oppnår det ein ønskjer, at personbilismen går ned, så har ein jo ikkje råd til kollektivtrafikk, meiner Bahus.

– Lite realistisk

Politiet og Vegvesenet har lenge vore kritiske til å innføre kollektivfelt på innfartsårene til Bergen. Grunnen har vore risikoen for at talet på trafikkulukker aukar.

No er det Vegvesenet som får i oppgåve å finne ut korleis bestillinga frå politikarane kan realiserast.

Bahus ser på forslaget som lite realistisk.

– Det vegnettet vi har med fire felt er ikkje bygd for at det eine feltet kvar veg skal vera kollektivfelt. Etter mitt syn er det veldig urealistisk å få til, seier han.

Kollektivfelt Bergen

KOLLEKTIVFELT: På Flyplassvegen i Bergen er det i dag kollektivfelt på delar av strekninga.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Kan klare det i Bergen også

Etter store protestar frå bilistane blei det innført gjennomgåande kollektivfelt i Trondheim i 2008. SV i Hordaland håpar tiltaket snart vert ein realitet i Bergen også.

– Vi veit at det er ulike meiningar om kollektivfelt, men dei har klart å gjennomføre dette i andre byar som også er tronge. Ein har klart det, og det fungerer. Då kan vi klare det også her, seier Marthe Hammer.