Hopp til innhold

– Betenkeleg å «invitere» mange tusen innvandrarar til Hordaland

Fylkesordførar Pål Kårbø (KrF) burde heller skaffe jobb til dei arbeidslause enn å etterlyse fleire innvandrarar, meiner Frp. – Dette er ikkje ein flyktningdebatt, svarar Kårbø.

Pål Kårbø

SVARAR PÅ KRITIKKEN: – Det er venta stor auke i den eldre delen av befolkninga, og då får vi eit stort arbeidskraftbehov særleg innan omsorg, seier fungerande fylkesordførar Pål Kårbø (KrF).

Foto: Sølve Rydland / NRK

Nye prognosar frå Hordaland fylkeskommune syner at fylket «berre» vil ha 112.000 fleire innbyggjarar i 2040 enn i dag. Det er 70.000 færre enn fylket rekna med i fjor.

Nedgangen blir forklart med at oljekrisa har hatt langt større innverknad på innvandringa enn venta. Situasjonen er alvorleg, seier fungerande fylkesordførar Pål Kårbø (KrF) i pressemeldinga frå fylkeskommunen.

– Vi treng høgare sysselsetting på Vestlandet, seier han.

Men samstundes som fylkesordføraren er oppteken av å få arbeidsløysa ned, meiner han innvandringa må opp. Utan innvandring syner prognosane vekst på berre 40.000.

– Dette syner at vi er avhengig av innvandring. Vi må gjere oss attraktive for arbeidstakarar, både frå andre stader i Norge, men òg frå andre deler av verda, seier Kårbø i pressemeldinga.

Frp: – Betenkeleg

Frp sin gruppeleiar i fylkestinget, Silje Hjemdal, reagerer på Kårbø si framstilling av saka.

Silje Hjemdal

Silje Hjemdal (Frp)

Foto: NRK

– Eg synest det er betenkeleg at fylkesordføraren «inviterer» mange tusen innvandrarar til Hordaland, i ei tid der det er utfordrande for ein del av dei som alt bur her å finne seg arbeid, seier Hjemdal til NRK.

11.645 av innbyggjarane i Hordaland var registrert som arbeidslause i januar.

– Det siste Hordaland treng no, er politikarar som får panikk over ein slik rapport. Vi ser kor raskt framskrivingane kan endre seg. Å opne døra for tusenvis av innvandrarar utan å ha tilbod om jobb til dei eller dei arbeidslause som allereie bur her, er å gjere seg sjølv ei stor bjørneteneste, meiner Hjemdal.

– Løysinga er å skape nye arbeidsplassar, ikkje å invitere fleire til arbeidsløyse, seier Frp-leiaren.

Sp: – Må utdanna dei som faktisk bur her

SV er meir oppteken av å få dei som er her ut i jobb enn å auke innvandringa.

Terje Kollbotn

Terje Kollbotn (R)

Foto: Leif Rune Løland/NRK

– No gjeld det å utdanna, og å få flyktningane som har kome inn i til dømes omsorgsyrke, seier gruppeleiar Aud Karin Oen.

Prognosane syner også folketalsnedgang i heile Hardanger. Terje Kollbotn (R), Tom Sverre Tomren (MDG) og Benthe Bondhus (Sp) er uroa over sentraliseringstendensen.

– Vi treng fleire innbyggjarar i arbeidsfør alder for å ha nok folk til å løyse alle oppgåver i framtida, men det må skje gjennom ei balansert utvikling mellom by og land, ikkje ytterlegare sentralisering til Bergen, seier Kollbotn.

–​ Det er grunnleggande viktig å oppretthalde befolkninga i distrikta for å oppretthalde matproduksjon og kulturlandskap. Om Distrikts-Noreg blir tømt for ung arbeidskraft, vil kulturlandskapet raskt forvitre, seier Tomren.

Bondhus, som i likskap med Oen og SV samarbeidar med KrF om fylkesmakta, er heller ikkje heilt samd i Kårbø sin innvandrings-innfallsvinkel.

– Det viktigaste er å utdanne dei som faktisk bur her til dei yrka fylket har behov for i framtida, meiner ho.

– Treng arbeidskraft innan omsorg

Grunna den store arbeidsløysa, forstår Kårbø at det går an å argumentere mot framstillinga i pressemeldinga.

– Men dette er ikkje eit innlegg i flyktningdebatten. Eg skjønar at Hjemdal drar det kortet, men det vil eg ikkje vere med på. Det er venta stor auke i den eldre delen av befolkninga, og då får vi eit stort arbeidskraftbehov særleg innan omsorg. Det er i den samanhengen dette er sagt. Viss vi som politikarar ikkje går ut og seier ifrå om slike ting, gjer vi ikkje jobben vår, meiner Kårbø.