Hopp til innhold

– Bergensaren er ikkje festivalmett

Tre festivalar kjem tett etter kvarandre og nesten oppi kvarandre i mai og juni i Bergen. Likevel går Bergenfest så det susar.

Robert Plant på Bergenfest 2014

FEKK SEKSARAR: Led Zeppelin-legenda Robert Plant var headlinar på Bergenfest torsdag. Konserten har fått både seksarar og femmarar av anmeldarane.

Foto: Roy Bjørge

Festspillene i Bergen opnar festivalsommaren i Bergen. Rett etter kjem Nattjazz, og held fram parallelt med Festspillene. Og berre ei kort veke etter køyrer Bergenfest i gang eit fem dagar langt kappløp mot tida for å få med seg alle konsertane onsdag til søndag.

Likevel går Bergenfest som det susar og festivalsjefen er ikkje bekymra for at bergensarane skal bli mette på fest og kultur.

– Billettsalet viser at bergensaren ikkje er mett

Frank Nes, Bergenfest, Bergen Live

Festivalsjef for Bergenfest, Frank Nes, seier at han absolutt ikkje trur bergensaren er mett på festival og kultur.

Foto: Marit Hommedal / SCANPIX

– Me veit at me konkurrerer om publikum, men eg kan ikkje seie at det er noko problem når me til no har seld 23 640 billettar, og laurdagen er heilt utseld, seier festivalsjef Frank Nes.

Ein reknar med at billettsalet kjem til å ende opp på rundt 25 000 når helga er over.

– Bergensaren er framleis nysgjerrig, og samstundes utruleg kunnskapsrik når det kjem til musikk. Robert Plant and the Sensational Space Shifters er ein av hovudattraksjonane på Bergenfest i år, og han var utruleg nøgd etter konserten på torsdag. Han fortalde at han hadde fått ein fantastisk respons frå publikum.

– Dei beste artistane får me berre i festivalsesongen

Opphavleg var Bergenfest lagt til månadsskiftet april, men måtte flyttast inn i festivalsesongen.

– Det var lettare for oss å få merksemd om festivalen når det var me som opna kultursommaren. Men starten av juni er ein periode som passar godt med andre festivalar i Norge og i Skandinavia. Dette handlar mest om når artistane er tilgjengelege for oss.

Nes trur ikkje at dei tre festivalane stel publikum frå kvarandre.

– Festspillene, Nattjazz og Bergenfest har såpass ulike profilar at eg ikkje ser på det som noko problem. Saman tilbyr me ei enorm sjangerbreidd som eg håpar og trur publikum set pris på. Samstundes trur eg det er positivt at me saman kan bidra til å auke merksemda rundt kunst, kultur og musikklivet i Bergen generelt.

– Det var meteorologen som bestemte

At Festspillene ende opp med å ligge der den gjer, var det streng tatt ikkje festivalleiinga som bestemte. Det var meteorologen.

– Det seiast at festivalleiinga gjekk til meteorologane når dei gjekk i gang med å planlegge dei aller første festspela i 1953. Dei kunne fortelje at det var i starten av mai at det var størst garanti for pent ver i Bergen. Og da gjekk dei for det, fortel kommunikasjonssjef, Silje Gripsrud.

Gripsrud trur heller ikkje at festivalane tapar på å ligge så tett oppi kvarandre som dei gjer.

– Eg trur det er positivt at det er mykje som skjer samstundes. Eg trur bergensaren går inn i ein slags kulturell unntakstilstand. Samstundes snakkar me saman slik at viktige arrangement ikkje kolliderer og øydelegger for publikum.

– Fest i snø, regn og tropevarme

Trass griseveret på torsdag, insisterer festivalsjefen for Bergenfest at det var dagen for dei store musikkopplevingane.

– Det var dagen eg gledde meg mest til og den innfridde, sjølv om det regna, seier Frank Nes

Sjølv om det ikkje er veret som har bestemt tidspunktet for Bergenfest, har det mykje å seie for korleis publikum oppfører seg og kor mykje pengar dei tener.

– Folk brukar området litt annleis og kjem seinare til konsertane. I tillegg må me bruke ein del meir pengar på å tilretteleggje viss det er drittvær.

– Men veret er som det er. Eg har arrangert Bergenfest i både snø, regn og tropevarme. Eg trur heller ikkje noko på meteorologane. Eg trur på det er ser ut vindauget. No ser eg at det er meldt sol resten av helga. Eg veit ikkje om eg trur på det, men eg håpar det er sant.

Her er nokre av artistane som spelar på Bergenfest i helga:

  • Simple Minds (fredag)
  • Sivert Høyen (fredag)
  • Kylesa (fredag)
  • Lana Del Rey (lørdag)
  • Lars Vaular (lørdag)
  • Franz Ferdinand (lørdag)
  • John Mayer (søndag)
  • Monica Heldal (søndag)