– Bergen har slutta å vere Bergen

Politikarar og redaktørar fryktar at Bergen er i ferd med å miste særpreget sitt, og at bergensarane har slutta å engasjere seg i byen sin.

Bergen og Byfjorden sett fra Ulriken

Har bergensarane slutta å engasjere seg i byen sin? Redaktørar og politikarar er overraska over at bergensarane gir så lite lyd frå seg.

Foto: Sindre Helgheim / NRK
Torstein Dahle

Raudt-politikar, Torstein Dale, meiner Bergen ikkje er Bergen lenger viss engasjementet er vekke.

Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIX

Noko tyder på at år 2014 går inn i historia som eit merkeleg år. Politikarar og redaktørar stiller seg spørsmålet om Bergen har slutta å vere Bergen, og om bergensarane ikkje lenger orkar å engasjere seg.

– Eg fryktar at bergensarane sitt engasjement og entusiasme for Bergen er i ein viss tilbakegang, seier Torstein Dale frå Raudt som har representert Raudt i bystyret i tretti år.

  • Har bergensarane slutta å bry seg? Sei di meinig nedst i saka!

Bryr dei seg ikkje om Bybanen og Bryggen?

Den siste månaden har byen vorte utsett for tre saker som ein normalt ville kunne forvente at ville sette sinna i kok.

Først vedtaket om ein bybanetunnel som skal gravast inn i hjartet av den verna mellomalderbyen, rett ved Fløyen, så avgjerda om at Bergen no skal tillate byreklame i byrommet, og denne veka kom nyhenda om at ei freda sjøbod i innseglinga til byen rasa saman.

LES SAKENE HER:

Men debattantane og synsarane har vore fråverande. Telefonen har ikkje gløda hjå Bergens Tidende, og det har ikkje rent over med e-post til debatt- og kulturredaktør, Hilde Sandvik.

Hilde Sandvik

Debatt- og kulturredaktør i Bergens Tidende, Hilde Sandvik, seier det verkar som om det store engasjementet til bergensarane ikkje er så stort lenger.

Foto: Jan M. Lillebø / Jan M. Lillebø

– Ingen pågang. Skulle tru at dette var saker som provoserte bergensarane. Ikkje minst når eigaren av sjøbua berre fnyser og seier at dette like godt kunne skjedd for 200 år sidan, seier Sandvik.

Sandvik seier seg einig med Torstein Dale, og er uroa for identiteten til byen.

– Eg har ei kjensle no av at det som har blitt sett på som veldig bergensk, det heftige engasjementet for byen, ikkje er så stort lenger, rett og slett.

– Viss bergensarane sitt engasjement for Bergen går tapt, da er ikkje Bergen Bergen lenger, legg Dale til.

Stille summetone

Førre gang politikarane vedtok at det skulle bli lov med reklame i byrommet, i 2005, kom det seks gangar fleire innlegg om byromreklame i Bergens Tidende. Den gangen måtte politikarane gjere om vedtaket sitt.

– Den gangen tok det heilt av i byen. Debattsidene var fulle av innlegg om byromreklame i fleire månader, seier Sandvik.

Heller ikkje hjå Bergensavisen har det vore mykje engasjement å spore.

– Me har vel hatt eit par som har reagert på at Sandviksboden har rast saman, men det har vore overraskande lite, seier Ingvild Grendstad i Bergensavisen.

Bergen – ein heilt alminneleg by?

Torstein Dale frå Raudt har sine teoriar om kvifor det kan sjå ut som bergensarane ikkje har ork til overs til å meine om kva som går føre seg i vestlandshovudstaden.

– Det har etter mi meining noko med aukande framandgjering å gjera. Me har mindre tid til å snakke med kvarandre og til å vera organiserte saman.

– Når ein tek vekk det som verkeleg kunne vore merkevara og særpreget, då er vel Bergen ein heilt alminneleg by, seier Sandvik.

  • Kvar har det vorte av engasjementet i Bergen? Sei di meining!

Siste video

Planetaten i Bergen kommune har lagt frem sitt forslag til ny trasé for Bybanen til Fyllingsdalen. Se hvordan de ser for seg den ti kilometer lange skinnegangen som vil koste minst 6,2 milliarder kroner.
En meteor eksploderte og brant opp i atmosfæren vest for Bergen i natt. De som var våken fikk seg et spektakulært show på nattehimmelen.
Har vunnet Statoil talentstipend på en million kroner.