Hopp til innhold

– Bergen gret då skutene reiste

I pøsande regn la seglskutene i Tall Ships Races seg ut i Vågen i dag. – Takk til heile byen. Dette var vemodig og vakkert, seier leiar Haakon Vatle.

Seglskutene som har lege til kai i Bergen under Tall Ships Races, sa i dag farvel til byen og segla vidare mot Esbjerg på vestkysten av Jylland.

Haakon Vatle

ELLEVILT: – Det var heilt ellevilt under utfarten. Heilt ko-ko, seier prosjektleiar i Tall Ships Races, Haakon Vatle.

Foto: NRK

– Det var heilt ellevilt under utfarten. Heilt ko-ko, seier prosjektleiar i Tall Ships Races, Haakon Vatle.

– Det var så kjekt å sjå alle dei folka som stod på Askøybrua og følgde med på oss, langs vatnet på svaberga og på Nordnes og festningen. Ei heilt fantastisk oppleving var det.

Under utfarten i dag, opna himmelen seg og det pøsa ned over seglskutene

– Me sa det til kvarandre at no er det Bergen som gret fordi skutene reise, seier Vatle.

LES OGSÅ: Sjå Tall Ships Races 2014 frå lufta - Hordaland

– Folk har ikkje latt seg true

tall ships

UTFART: – Det var så kjekt å sjå alle dei folka som stod på Askøybrua og følgde med på oss, langs vatnet på svaberga og på Nordnes og festningen. Ei heilt fantastisk oppleving var det, seier Haakon Vatle.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Kor mange som har besøkt arrangementet i helga, finst det endå ikkje tal på. Men Vatle meiner besøkstala frå 2008 på ein halv million er meir enn toppa.

– Det har knitra i byen, både på dagtid og kveldstid. Eg er relativt sikker på at me har hatt over ein halv million besøkande innom, slår prosjektleiaren fast.

Det blei ein spesiell start på festivalen, for arrangørane. Terrorvarselet torsdag kom på same tidspunkt som Tall Ships races skulle ha ein pressekonferanse og informere om programmet.

– Det var jo sjølvsagt ikkje ein ideell eller hyggeleg start på festivalen. Men det som er bra er at me hadde ein plan for at slike uventa ting kan skje.

– Det er kjekt å sjå at publikum ikkje har halde seg heime. Folk var ute. Ser ein bileta frå kveldane, ser ein at folk ikkje har latt seg true.

Har samarbeida godt med politiet

Tall Ships Races var informerte om at politiet hadde skjult beredskap under seglskutearrangementet i helga.

– Me visste dei passa godt på, og det er me takknemlege for, seier Vatle. Me har og hatt eit fantastisk samarbeid med politiet, og me har vore sikre på at arrangementet har vore i dei beste hender, seier Vatle.

Her kan du følgje innfarten til Tall Ships races 2014 med drone.

TALL SHIPS RACES FRÅ LUFTA: Her kan du følgje fleire av seglskutene inn Vågen i Bergen under Tall Ships Races 2014.