Hopp til innhold

– Begynner å bli lei av regnværet

Det har vore konstant vått i Bergen det siste døgnet. Høyr kva bergensarane synest om helgeværet.

Helgeværet i Bergen lørdag 7. mars

– Det er berre å kle på seg, seier karen med sydvest i videoreportasjen ovanfor. Men du må kanskje kle på deg mykje i helga.

Lokalt kan det kome opp mot heile 180 millimeter nedbør på 36 timar i helga. Det gjer også at skredfaren i fjellet blir svært stor. – Det er eit vêr som folk må ta på alvor, oppmodar meteorologen.

– Ikkje gå ut

Om du har planar om kome deg ut denne helga, bør du sterkt revurdere. For det er ikkje småtteri meteorologane kjem med i dei ferskaste vêrmeldingane.

Dei har sendt ut OBS-varsel for Vestlandet, og dritvêret byrjar natt til laurdag. Frå då og gjennom første del av søndag er det venta store nedbørsmengder. Lokalt kan det kome mellom 140–180 millimeter nedbør på 36 timar.

Paraply i regn

Det blir mykje vind og mykje nedbør på Vestlandet denne helga. Meteorologane har sendt ut OBS-varsel.

Foto: JENS MEYER / AP

Det er veldig mykje nedbør. Det er eit system som hentar luft frå sør og slik varm og fuktig luft fører til veldig mykje nedbør slik som me vil få no, forklarar vakthavande meteorolog Ida Marie Solbrekke til NRK.

Overvatn og vanskelege køyreforhold

Det gjer også at det ikkje blir lett å vera bilist laurdag og søndag. Nedbørsmengdene skapar fare for overvatn på utsette stader

Sterk vind, nedbør og overgang til mildvêr gir vanskelege køyreforhold på fjellovergangane. Temperaturen vil i snitt ligga på mellom sju og åtte grader på gradestokken i fylket.

– Det er venta ei snøgrense på mellom 1000–1500 meter, så det blir vanskeleg å køyre i fjellet. Om det vil bli stengingar på fjellovergangane er vanskeleg å spå no, men det kan skje.

Stor snøskredfare i fjellet

Har du tenkt deg til fjells, bør du få med deg åtvaringane frå både meteorologane og skredvarslinga. Det blir dårleg sikt og mykje vind i fjellet. Laurdag og søndag har skredvarslinga sett opp faregraden for snøskred frå gult til raudt nivå.

«Mildvêret flyttar seg oppover i fjellet laurdag, og saman med kraftig regnvêr er det venta at det kan lausne fleire naturlege skred. Faregraden vil ligge på 4-stor», åtvarar skredvarslinga på varsom.no.

Mildvêret har saman med store snømengder ført til våte flakskred som har lausna heilt nede ved bakken.

Meteorologen ber folk om å ta vêrmeldingane på alvor.

– Eg vil ikkje anbefale folk å ta skituren i helga. Eg vil eigentleg frafråda folk om det, avsluttar Solbrekke.