NRK Meny
Normal

– Bedrifter må ta grep for å hindra underslag

Det vart meldt fleire underslagssaker til politiet i fjor, men mørketala er framleis store. Ekspertar meiner norske verksemder må bli flinkare å ta grep for å hindra at tilsette stikker pengar i eigne lommer.

Frode Karlsen

BØR BETRA RUTINANE: Frode Karlsen er leiar for økonomiavsnittet ved Hordaland politidistrikt, han meiner mange bedrifter bør betre rutinane sine.

Foto: Siri Løken / NRK

I januar i år vart ein tidlegare mellomleiar i Bergen kommune dømd til fengsel i to år og to månadar. Gjennom ti år svindla han kommunen for nærmare seks millionar.

Fleire underslagssaker dei siste åra har vore ein tankevekkar for Bergen, og no har kommunen gjort fleire grep for å hindra fleire underslagssaker.

– Vi har eit ekstra fokus på dette, og vi har skjerpa internkontrollen vår skikkeleg, seier kommunaldirektør for finans og eigarskap, Ove Foldnes.

Må bli flinkare å ta grep

Fleire ekspertar som NRK har snakka med meiner norske verksemder gjer for lite og må bli flinkare til å ta grep for å hindra at tilsette stikker pengar i eigne lommer.

Ove Foldnes

TANKEVEKKAR: Fleire underslagssaker dei siste åra har vore ein tankevekkar for Bergen. - No har kommunen gjort fleire grep for å hindra fleire underslagssaker, seier kommunaldirektør for finans og eigarskap, Ove Foldnes.

Foto: Siri Løken / NRK

– Eg synest at vi er for naive. Dei færraste har vel tenkt at det kan skje og difor manglar dei ofte rutinar eller har for dårlege rutinar, seier tryggingsrådgjevar i Virke, Thor Martin Bjerke.

I fjor vart det meldt 1776 underslag til politiet. Det er om lag 200 fleire saker enn året før.

– Men mørketala er truleg store. Det forsvinn datamaskiner, elektronikk og ting ifrå rikvisittlageret. Dette har blitt ei trend, seier Bjerke.

– Bør betra rutinane

Frode Karlsen er leiar for økonomiavsnittet ved Hordaland politidistrikt. Han seier dei prioriterer dei grovaste sakene, men også han meiner mange bedrifter bør betre rutinane.

– Generelt er det nokre som er veldig flinke og mange andre som er altfor lite flinke, seier Karlsen.

Den tidlegare mellomleiaren i Bergen sende ut fiktive fakturaer til kommunen sine kundar. Ove Foldnes er sikker på at kommunen no har gode rutinar for å hindra fleire underslagssaker.

– Ein kan aldri sikre seg heilt, men vi har i alle fall rydda veg for at sånt ikkje bør kunne skje igjen, seier Foldnes.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
NRK oppsummerer VM så langt.
Den internasjonale sykkelpresidenten Brian Cookson bommet på årstallet da han åpnet sykkel-VM i Bergen.