Hopp til innhold

– Barn som veks opp no får ikkje sleppe seg laus

Åshild Ulstrup frå Valen har skrive bok om barneoppdragelse utan for store sikkerheitsnett.

Åshild Ulstrup

UTE MED BOK: Åshild Ulstrup fortel om oppveksten i heimbygda like ved det psykiatriske sjukehuset på Valen.

Foto: Mikalsen, Helge / VG

For 63 år sidan flytta mangeårig radiojournalist Åshild Ulstrup frå heimstaden Valen i Sunnhordland. No er ho ute med boka Galskap og eventyr, der ho skildrar ein barndom ho meiner står i sterk kontrast til måten barn veks opp på i Noreg i dag.

– Me fekk prøve oss åleine. Ofte gjorde me noko gale, og eg fekk nokre klyp frå mor mi. Men eg visste at eg hadde komme over ei grense og var blitt litt vaksnare, seier Ulstrup.

– Eg forstår ikkje korleis barn skal få kjenne på sine eige krefter i dag, når dei sit med PC-ane sine og ser ned.

LES OGSÅ: I forkledning oppdaga ho hjartevarmen i hovudstaden

– Me lærte tidleg å ta ansvar

Ulstrup er kanskje mest kjent for radioprogramma «Sånn er livet», «På livet laus» og «Middagsstunden» på NRK, men har også gitt ut fleire bøker som Rop frå ein taus generasjon og 100 pluss, våre eldste fortel.

I hennar siste bok handlar det framleis mest om dei nære historiene: båtturar, barnepass, og kvardagslivet i Valen.

– Det var det verkelege livet. For det fyrst gjekk me annakvar dag på skule, det var jo livets skule det gjekk i. Me besøkte småbedrifter rundt om kring i bygda. Eg var innom snikkaren og såg korleis han fekk til møblar, såg på dei som bygde båtar. Og så hadde eg min eigen båt, som eg var ute på fjorden med. Eg rodde ut, og ingen spurte meg om kvar eg hadde vore.

– Det er jo ikkje heilt trygt å reise ut i ei lita jolle for ein åtteåring?

– Eg trur me lærte å ta ansvar veldig tidleg. Me fekk bruke oss sjølve, gå over nokre kneikar og utvide grensene heile tida, seier Ulstrup.

LES OGSÅ: Møte gjennom livet

Galskap og eventyr

Journalisten og forfattaren vaks opp like ved Valen sjukehus. I si siste bok fortel ho om møte med psykiatriske pasientar, og om eit samfunn ho meiner i større grad gav plass til dei som er litt annleis.

– Me såg ikkje skilnad. Dei friskaste pasientane gjekk kring om i bygda, og eg såg ikkje skilnad på dei og bygdefolk. Det var heller aldri nokon som sa at noko var farleg.

Det var likevel ein ting foreldra kravde av ho som lita.

– Det var aldri nokon som bad oss om å vere inne. Jo, om kvelden skulle me sove. Me skulle ha god søvn, men det var det einaste, seier Ulstrup.