NRK Meny
Normal

– Asiatisk kultur gir mest trøbbel på Trolltunga

Turistar frå Asia utgjer halvparten av dei som må ha hjelp ned frå Trolltunga. Asiatiske kulturtrekk og stoltheit er viktige årsaker, ifølge ei oppgåve ved Handelshøyskolen BI.

Redningsaksjon på Trolltunga

REDNING I MØRKET: Svært mange redningsaksjonar må til fordi asiatiske turistar ikkje kjem seg ned frå Trolltunga før det blir mørkt.

Foto: Espen Mills

Over 80 prosent av turistane i Vest-Noreg er norske eller europeiske. Men asiatar er kraftig overrepresentert blant fotturistane som må reddast ut frå området ved Trolltunga.

Kvar tredje som blir redda ned er frå Japan, Kina, India og Russland.

– Det er med andre ord noko som går gale i kommunikasjonen av risiko.

Det seier Helene Sandbu Ryeng. Saman med politioverbetjent Inge Meløy leverte ho måndag ei semesteroppgåve på ei masterutdanning i sikkerheitsleiing ved Handelshøyskolen BI om redningsstatistikken, informasjonstiltak og Trolltunga-turistane si risikoforståing. Oppgåva har fått mykje merksemd frå politi, hjelpemannskap og reiselivsnæringa.

Forfattarane meiner kulturelle særtrekk er med å forklara kvifor asiatiske turistar får problem ved Trolltunga.

Tar ikkje åtvaringar

– Folk frå desse fire landa stolar generelt mindre på offentleg informasjon enn me nordmenn. Me ser også at indarar, kinesarar og japanarar – som er påverka av livssynet konfutsianisme – har eit meir relativt tilhøve til kva som er sanning.

Helene Sandbu Ryeng og Inge Meløy

KULTURKRASJ: Asiatisk kultur og stoltheit er viktige årsaker til at turistar treng hjelp ved Trolltunga, meiner Helene Sandbu Ryeng, som har skrevet oppgåva saman med politioverbetjent Inge Meløy.

– Dei har gjerne ei haldning til informasjon om at «det som er rett i dag ikkje treng å vera rett i morgon». Dei tar ikkje åtvaringar like bokstavleg som nordmenn. Då er det utfordrande å kommunisera risiko til dei.

Sjølv om dei ofte er for dårleg førebudd til fjellturen, kan det vera vanskeleg å få dei til å endra planane sine.

Ho seier det viktigaste er å forklara risikoen så dei forstår den i reiseinformasjonen før dei bestiller flybilletten.

– Det kan gjera at dei anten førebur seg godt nok, vel ein annan tur, eller ikkje drar hit.

Oppgåva tilrår betre risikoinformasjon i turistanes heimland, og at reiselivsnæringa reklamerer aktivt for andre fine men lettare fotturar i området.

I KØ TIL TROLLTUNGA:

MÅLRETTA: Asiatiske turistar har svært sterkt ønske om å gjennomføra fotturen som dei har reist så langt for å ta, sjølv om dei blir fortalt om farane.

Foto: TOM INGEBRIGTSEN

Å misse andlet

Asiatar som har råd til å feriera i Noreg gjerne er høgt oppe i hierarkiet.

– Dei er vane med å få respekt frå folk lenger nede. Ein måte å visa dei respekt, er å ikkje motseia dei.

Dei er ikkje vane med å bli korrigert. Det opplever dei som å misse andlet. Då bryt dei all dialog, blir flaue, og går litt i lås.

– Så dei vil ikkje bli rettleia?

– Dei godtek at politiet kan stille spørsmål ved avgjerda deira, men ikkje ein lokal kjentmann i Odda. Men politiet har ikkje kapasitet til å gjeta folk rundt Trolltunga.

Som sjølvsikre nordmenn

Sandbu Ryeng minner om at også nordmenn kan vera lite flinke til å lytta til lokale råd på ferie.

– Mange nordmenn ringer Utanriksdepartementet sin krisetelefon.

– Så om rike japanarar ser ned på norske guidar, er det som viss nordmenn i eit eksotisk land syns dei veit best sjølv?

– Ja. Derfor er kulturforståing viktig når me jobbar med tryggleik, for å forstå kva bagasje folk har med seg.

– Då tenker du ikkje på bagasje i tydinga hovudlykt og varme klede?

– Nei, den kulturelle bagasjen me har inni oss og har vakse opp med.

Trolltunga

FOR LANGT: For mange turistar gjer form, vêr, føre og mørke at turen til Trolltunga blir for lang.

Foto: Trolltunga Active

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik