NRK Meny
Normal

– Ap er desperate

Os-ordførar trur Arbeiderpartiet prøver å grave veg ut av kraftlinjesaka.

Terje Søviknes

Terje Søviknes meiner regjeringa har takla kraftlinjesaka amatørmessig.

Foto: Marion Solheim

I går vart Terje Søviknes, saman med fleire andre vestlandsordførarar invitert til dialogmøte med statsminister Jens Stoltenberg i Oslo.

Der skal dei diskutere kraftlinjene i Hardanger og energiforsyninga til bergensområdet.

– Det er jo litt spesielt å få ein telefon seint fredag kveld med spørsmål om å møte på statsministeren sitt kontor til dialogmøte i ei sak som i alle fall regjeringa så langt har hevda gong på gong er avgjort. No verkar det heile svært desperat når ein både tek pause i ferien, har møte med Granvin-ordførar og andre i går, og seinare på kvelden inviterer ei rekkje vestlandsordførarar til nytt dialogmøte.
seier Søviknes.

Kva meiner du? Si di meining i kommentarfeltet nederst i saka.

ALT OM SAKA: Kraftlinjen i Hardanger

Trur på retrett

Han trur dette kan tyde på at regjeringa no banar veg for retrett.

– Etter mine vurderingar er det kanskje slik at regjeringa no forsøkjer å byggje seg ein redningsplanke gjennom ein serie med møter, og til slutt vil trekkje det vedtaket som er fatta og utsetje saka i alle fall til etter valet neste år, seier FrP-ordføraren.

SJÅ VIDEO: (Artikkelen forts.)

Video Søviknes om Hardanger-kraftlinjen

LES ÒG: Ap vurderer å snu i kraftlinjesaken

Kor realistisk det er at regjeringa vil gå tilbake på vedtaket, tykkjer han er vanskeleg å spekulere i.

– Men noko må det jo vera i det når ein hastesamakallar ei rekkje ordførarar. Ein kunne jo lure på om det er verdt å ta turen når det har stått ein invitasjon frå hardangerordførarane i fleire veker om å komme hit, og så skal plutseleg alle me hoppe med ein gong statsministeren sitt kontor kallar inn, seier Søviknes.

Han seier at han like vel vil reise og vera klår i sin tale.

– Eg tek med meg både dei harde fakta som ligg i saka, og ikkje minst formidle den massive motstanden mot å øydeleggje det naturikonet me har i Hardanger., seier han.

Video Hardanger-linja: Granvinsfjorden

Sjå heile traséen frå lufta.

Vil ha ny vurdering

Som mange andre tek han til orde for ei ny handsaming av den kontroversielle saka.

– Eg tykkjer regjeringa si handsaming av saka er amatørmessig. Ein hadde eit dialogmøte, det og hasteinnkalla, i vår lik efør avgjersla vart teke. Då trudde me at saka skulle slutthandsamast mykje seinare enn det som til slutt vart resultatet. Så kom vedtaket ganske overraskande, og etter det har det jo vore ein straum av forklaringar og bortforklaringar om kva som ligg bak vedtaket. Eg meinar at før ein konkluderar, i alle fall må få på plass ei ekstern vurdering av heile saka med eit uavhengig fagmiljø, aller helst utanlandsk.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.