Hopp til innhold

– Alarmklokkene ringer når me nærmar oss 25 plussgrader

Akvariet i Bergen gjer alt dei kan for å unngå nye dødsfall blant pingvinane i det varme Vestlandsvêret.

Akvariet i Bergen gjer alt dei kan for å unngå nye dødsfall blant pingvinane i det varme Vestlandsvêret.

VIDEO: Sjå pingvinane kjøle seg ned på Akvariet i Bergen.

Varmen på Vestlandet er ikkje til glede for alle. Når temperaturane kryp opp mot 30 grader som dei gjer i dag, er det langt over trivselstemperaturen til pingvinane i Akvariet i Bergen.

For 14 år sidan døydde ein av pingvinane her på grunn av heteslag, og Akvariet passar no ekstra godt på så det same ikkje skal skje igjen, skriv BT.no.

LES OGSÅ: Knallvarmt på Vestlandet i dag - Hordaland

– Alarmklokkene ringer når me nærmar oss 25 plussgrader, seier Kees Oscar Ekeli, biolog og dagleg leder ved Akvariet i Bergen til avisa BT.

Han hugsar spesielt godt Pingvinen Ping som kom frå Japan til Akvariet i Bergen for 14 år sidan. Pingvinen kom til Vestlandet midt i ei hetebølgje. For pingvinen som ikkje var skikkeleg akklimatisert, blei sjokket for stort. Den to år gamle pingvinen døydde av heteslag.

Toler rundt 20 – 24 varmegrader

Med 31,2 grader har Bergen sett årets varmerekord. Pingvinane i Akvariet toler kring 20–24 varmegrader. Vert temperaturane høgare enn det, vert det lagt ut vasspreiarar med kaldt vatn i pingvindammen.

Her pumpar dei sjøvatn på 8–10 grader frå byfjorden for å kjøle ned fuglane, og held oppsikt med dei heile dagen når det er så varmt som det er no.

LES OGSÅ: Hetebølge i nord - Nordland