Hopp til innhold

– Advokatar utnyttar Utøya

– Profilerer seg sjølv og tener grovt med pengar.

Video Bistandsadvokatar

Bistandsadvokatar

Lista over oppnemnte bistandsadvokatar etter terroraksjonane 22. juli blir stadig lengre. Per i dag er det så mange som 156 advokatar.

Les òg:

Les òg: Støttegruppe for Utøya-pårørende

– Ti kunne gjort same jobben

Ein av dei fremste strafferettsekspertane i landet er sjokkert over talet på bistandsadvokatar som er kopla inn i saka. Hendinga er dokumentert og gjerningsmannen har tilstått.

– Saka er juridisk sett veldig enkel. Ein, ti eller 15 advokatar kunne truleg gjort den same jobben som 156 personar gjer i dag, seier professor ved Universitetet i Bergen, Asbjørn Strandbakken.

– Saka er lett å utnytte

– Her må me få ein debatt om dei spesielle problemstillingane som denne saka reiser. Dette er ein eineståande sjanse for ein del advokatar til å bruke denne saka til å fakturere eit betydeleg og høgt tal på timar, seier advokat Cato Schiøtz.

Cato Schiøtz

Advokat Cato Schiøtz meiner Utøya-saka er ein eineståande sjanse for ein del advokatar til å profilere seg sjølv og tene gode pengar.

Foto: NRK

Både Strandbakken og Schiøts understrekar at ein i denne spesielle saka må vise stor sjenerøsitet overfor offer og pårørande.

Valde å halde kjeft

Sigurd Klomsæt er ein av bistandsadvokatane som har fått kritikk for sine mange medieutspel etter tragedien.

Sigurd J. Klomsæt

Bistandsadvokat Sigurd Klomsæt, har valt å teie etter han fekk mykje kritikk for medieutspela sine.

Foto: NRK

– Mange har reaksjonar på at mange advokatar er veldig synlege og meiner mykje, så eg vel no å halde heilt kjeft. Men det er opp til kvar enkelt bistandsadvokat korleis dei vil gjere denne jobben for sin klient, seier Klomsæt.

– Andre behov enn dei juridiske

Strafferettsekspert, Asbjørn Strandbakken, meiner det er andre behov enn dei juridiske, som er påtrengande for offera og dei etterlatne.

– Når ein mistar ein av sine næraste på denne måten så er det ofte meir naturleg å setje inn andre ekspertar enn dei juridiske.