Hopp til innhold

– Å få ein slik på kroken er ubeskriveleg

Kenneth Bruvik frå Sotra reiste til Karibia for å prøve seg på ein ekstremt vanskeleg fiskeutfordring. Det har det blitt TV-dokumentar av.

Ut i naturen: Drømmefiske

PÅ TV: Tysdag kveld kan du sjå korleis det gjekk då fiskeentusiasten Kenneth Bruvik reiste til Belize i Karibia for å lande ein sokalla Grand Slam. Her har han fanga ein permit.

Foto: Jan Inge SKogheim

Den timeslange dokumentaren «Drømmefiske» blir sendt på NRK1 i kveld frå klokka 19.45. Der får ein bli med Kenneth Bruvik og regissør/fotograf Jan Inge Skogheim til Belize i Karibia, der Bruvik skal prøve å få tre ulike fiskeslag på kroken i løpet av ein dag.

Utfordringa blir kalla for ein «inshore Grand Slam» og dei fiskarane som klarar det blir medlem av ein eksklusiv klubb. Bruvik forklarer kvifor det er så vanskeleg.

– Du må lande ein bonefish, ein tarpon og ein permit. Sistnemnde er umoglege å få på kroken nesten, men eg fekk oppleve det fire gonger i løpet av turen. Det er ei ubeskriveleg kjensle, seier ein engasjert Bruvik til NRK.

Fisket sin betydning for dei lokale

I dokumentaren får ein oppleva Bruvik sitt forrykande engasjement når han får noko på kroken.

– Det er endorfin i full blomst, dei bombarderer kroppen innvending. Eg opplevde rein lykke, ler sotraværingen, som har laga fleire fiskedokumentarar før.

Denne gongen tek han opp eit viktig tema i sportsfiskeverda, nemleg levande fisk sin betydning for lokalbefolkningane i området. Alle dei tre fiskeslaga som står på Grand Slam-lista er freda, og får ein nokre av dei på kroken må ein sleppe dei ut i havet igjen.

– På Belize lever mayafolket av fisket. Fiskebestanden går nedover når det blir fiska mykje, så ein bestemte seg for å freda desse tre fiskeslaga for å få opp igjen bestanden.

– Essensielt

Bruvik seier han veit at mange meiner catch-and-release er ein uting, men viser til kor viktig det er for lokalbefolkninga.

– Folk over heile verda er villig til å betale for den opplevinga det er å fiske i dette farvatnet. Dei pengane som blir lagt igjen der nede blir spreidd utover i landsbyen. Til dømes betaler vi for sjåførar som tek oss dit vi skal, nokre lagar frukost og andre er guidane våre.

– Om all fisken blir slått i hel, hadde ikkje dette vore ein business veldig lenge, slår Bruvik fast.

Han håpar dei som ser dokumentaren får lyst til å prøva fiske sjølv.

– Eg håpar folk kan bli inspirert til å ta seg ut i naturen vår og oppleve fiskelukke. Få naturopplevingar. Det kan faktisk gjera noko positivt med helsa til folk, avsluttar Bruvik.

God morgen, det er tirsdag! Espen og Lene er på plass i studio. Hør oss her i NRK P1 frem til klokken 9.

Høyr intervjuet med Kenneth Bruvik frå morgonsendinga vår på NRK P1 i dag tidleg. Intervjuarar er Espen Hatlestad og Lene Granli.