Hopp til innhold

Norling forstår at fansen vil ha han vekk

Fansen ropte på trenaravgang etter at Brann rota vekk 16. mai-festen. Måndag er det styremøte i bergensklubben. – Eg reknar med at jobben min vil vera eit tema der, seier Rikard Norling.

Norling

SKUFFA: -«Norling må gå», runga det frå store stå dei siste minutta av kampen.

Foto: Astrid M. Nordhaug / Digitalsport.no

«Norling må gå, Norling må gå» var dei taktfaste ropa som runga frå både supportersvingen og hovudtribunen på Brann stadion etter at Brann rota vekk ein etterlengta opptur, og berre greidde 2-2 heime mot Nest-Sotra.

Kontrasten var stor til innleiinga på kampen, med 17 000 på tribunane, publikumsrekord i førstedivisjon og attpåtil to tidlege Brann-skåringar signert Kristoffer Larsen.

Dei siste ti minutta var det reine opprørstemninga på stadion.

– Eg har så lyst at det skal vera god stemning, men sånn blir det ikkje i dag og det forstår eg, sa ein oppgitt trenar Rikard Norling til NRK etter kampslutt.

For første gong vende Brann-supportarane seg i mot trenar Rikard Norling. «Norling må gå, Norling må gå» lydde dei taktfaste ropa frå heimesupportarane.

FORSTÅR REAKSJONEN: Brann-trenar Rikard Norling er ikkje overraska over at publikum vende seg i mot han, etter 2-2 mot Nest-Sotra.

LES OGSÅ: Lovar å kle av seg om Brann tapar

Opprørsstemning

Etter at Joakim Hammersland og Kristoffer Zachariassen reduserte og utlikna, måtte Rikard Norling for første gong i tida som Brann-trenar høyra at supportarane krevde trenaravgang.

– Eg forstår at dei går mot meg, men eg ønskjer lika mykje som dei på tribunen at kampen skulle ha gått mykje betre i dag. Så når det ikkje går bra, så må eg takla det og, seier Norling.

Måndag er det styremøte i Sportsklubben Brann. Norling meiner det er heilt naturleg at hans framtid som trenar kjem til å verta drøfta rundt styrebordet.

– Det er naturleg, og det har eg full forståing for, seier den hardt pressa svensken.

Eg veit ikkje kva eg sei lengre, men vi sviktar når det gjeld

Erik Huseklepp, brannspelar

– Kan ikkje vere mogeleg

Etter kampslutt tok det lang tid før Brann-spelarane viste seg i intervjusona. Mange hang med hovudet. Erik Huseklepp var den som deppa aller mest.

– Det er heilt forferdeleg dårleg. Det er to sløve mål som vi slepp inn. Det skal ikkje vera mogeleg, sa Erik Huseklepp medan han gjentatte gongar beit seg i underleppa.

– Vi er sløve og trur kampen er ferdig for tidleg,det er så frustrerande at motgangen aldri tar slutt.

– Kva synst du om at publikum ropar at «Norling må gå»?

– Det har eg ingen kommentar til. Det er først og fremst me spelarar som må gå i seg sjølv, sa ein tydeleg prega Huseklepp.

Mange stiller spørsmål ved Brann-trenar Rikard Norling etter tre strake kampar utan siger, og uavgjort 2-2 mot veslebror Nest-Sotra på sjølvaste 16. mai.

RESIGNASJON: Bergenspublikummet er i ferd med å mista trua på trenar Rikard Norling.

– Veldig bittert

Lenge såg det ut til at Kristoffer Larsen skulle verta den store helten i prosesjonen på 17. mai. Etter kampslutt grua tomålsskåraren seg til å gå gatelangs i finstasen på den bergenske brusteinen.

– Vi opnar veldig bra og scorar to mål, men i andre omgang dett vi litt ned, seier målscorar for Brann, Kristoffer Larsen.

– Korleis er det å oppleva på ein fullsett Stadion at det raknar slik det gjer i andre omgang?

– Det er sjølvsagt veldig bittert, så det er berre å beklaga at vi ikkje klarar å halda det heilt ut, seier Kristoffer Larsen.

Nest sotra

UAVGJORT: Nest-Sotra låg under med to mål, men kom tilbake mot Brann og tok poeng.

Foto: Astrid M. Nordhaug / Digitalsport.no

Strilefest på bortetribunen

For Nest-Sotra vart 16. mai-kampen ei langt meir minnerik oppleving. Etter å ha utlikna 2-0-leiinga til heimelaget, var det full fest blant dei mange sotrastrilane som hadde tatt vegen til «byn».

– Det var kjempekjekt. Vi kjem skeivt ut og får ein utruleg brutal start med to mål ganske kjapt. Likevel har vi tru på det vi gjer og eg synest vi gjer ein utruleg bra andre omgang, seier Nest-Sotra spelar Joakim Hammersland.

– Korleis er det å scora det første målet?

– Det er eit kick. Eg mistar stort sett hovudet, men det var veldig kjekt, seier Hammersland.

Strileveggen

Ved kampslutt stod jubelen i taket på ein fullsett bortetribune.

– Det var heilt enormt å sjå den veggen som møtte oss i bortesvingen, seier Nest-Sotra sin trenar Ruben Hetlevik.

Etter ein skral sesongstart, håpar den ferske hovudtrenaren at andreomgangen på sjølvast Brann stadion kan vera kimen til betre takter for klubben frå Ågotnes.

– Eg håpar me kan ta me oss den gløden me viste etter pause. Me har tatt for lite poeng til no, og fekk berre med oss eit i dag. Men måten me kjem tilbake i dag gjev grunn til optimisme, seier Hetlevik.

Joakim Hammersland skåra det eine av to mål for Nest-Sotra, då botnalaget snaut storebror Brann for 16. mai-festen.

GLAD: Etter ein svak sesongstart var opphentinga mot Brann gull verdt for Nest-Sotra og Joakim Hammersland.