Hopp til innhold

– 17.mai i Bergen er noko for seg sjølv

Forfattar Frode Grytten og sju andre fotografar har prøvd å fanga den spesielle stemninga i Bergen på nasjonaldagen i ei ny bok.

Forfattar Frode Grytten og sju andre forfattarar har prøvd å fanga den spesielle stemninga i Bergen på 17-mai i ei ny bok.

VIDEO: Sjå intervjuet med Frode Grytten om korleis bergensarane feire 17. mai.

– Eg har Bergen i blodet. Det er ein by som held på og held på heile året, men på 17. mai så tar det berre heilt av, seier Frode Grytten.

Fotokollektivet Moment har dei siste åra arbeidd med å laga eit fotografisk dokument om fenomenet 17. mai i Bergen, som har blitt til fotoboka «17. mai i Bergen».

– Bergensarar er litt barnslege

Gjennom ein lang serie portrett av folk i alle aldrar, og med ulike kulturelle, etniske og sosiale bakgrunnar, viser fotografane eit samansett og allsidig bilde av byen og bergensaren.

Teksten i boka er av Frode Grytten som fortel om Bergen og den typiske bergensaren.

– Bergensarar er litt barnslege, dei likar å leika, festa og tulla. Det får dei endeleg lov til å gjera på 17. mai. Så for ein bergensar er denne dagen heilt perfekt, seier Grytten.

Helge Skodvin

TATT FOTO: Helge Skodvin er ein av fotografane som har vore med å laga boka.

Foto: Alrik Velsvik

Slår ut i full blom

– «Når bergensaren først er i gang, må han bare kjøre på, kjøre på, kjøre på. – Hallaien, ditt helvetes rævholl! roper bergensaren lykkelig ut over Festplassen. Korleis er det mulig å ikkje vere smellforelska i ein slik by?» skriv Grytten i opninga av boka.

Nokre meiner ein bergensar er meir typisk enn andre, og kvart år på den "17. mai" slår han ut i full blom.

– Berre sjå deg rundt her på Torgallmenningen kor det tar av. Til no har eg sett Pippi Langstrømpe, gris, sjiraff og to eks-brannspelarar, og dette er berre byrjinga av dagen, seier Grytten.

– Hyllest til bergensarane

Helge Skodvin er ein av fotografane som har vore med å laga boka.

– Vi har lenge vore i Bergen og sett kor ille og stilig det kan vera på nasjonaldagen. Så berre bestemte vi oss for å få det festa i ein perm, seier Skodvin.

Dei hadde eit telt på Torgallmenningen, og gjekk rundt og plukka ut folk på nasjonaldagen som dei syntest var visuelle og gjorde seg.

– Det er ein hyllest til folket og bergensarar, men det var veldig vanskeleg å velja ut nokre få som skulle få vera med i boka, seier fotografen.