Hopp til innhold

– Elevane må sjølve ta att det dei går glipp av

Elevane har ansvar for å ta att undervisninga dei går glipp av på grunn av streiken, stadfestar Opplæringsdirektør. – Det er det ekstremt vanskeleg å gjere utan læraren, seier Elevorganisasjonen.

Eksamen i videregående skole

MISTER UNDERVISNING: Elevane har sjølve ansvar for å tileigne seg den kunnskapen dei går glipp av, som ei følgje av at undervisninga fell ut under streiken. – Det er ekstremt vanskeleg å gjere utan læraren, seier Henrik Drivenes i Elevorganisasjonen i Hordaland.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Svein Heggheim

EKSAMEN BLIR IKKJE ENDRA: Eksamen vert ikkje annleis for dei som ikkje har fått undervisning i alle kompetansemåla. Om den skal bli det, er det i tilfelle ei vurdering dei sentrale myndigheitene må gjere, seier Fylkesdirektør for opplæring i Hordaland Svein Heggheim.

Foto: Hordaland fylkeskommune

Måndag blir 5500 lærarar tatt ut i streik frå skular i heile landet. Dei største byane blir hardest råka og i Hordaland vil rundt 900 lærarar i Hordaland blir tatt ut.

Sidan dei streikande lærarane ikkje kjem til å undervise medan konflikten går føre seg, vil elevar gå glipp av undervisning i deler av kompetansemåla. Denne undervisninga får elevane ikkje igjen, seier Fylkesdirektør for opplæring i Hordaland Svein Heggheim.

– Elevane vil måtte tileigne seg denne kunnskapen på eiga hand. Eventuelt kan det bli gitt noko ekstrahjelp i etterkant av streiken.

Det er opp til elevane å passe på at dei har vore gjennom kompetansemåla og er klare til eksamen, seier Heggheim.

LES OGSÅ: Desse skulane blir tatt ut i streik - Hordaland

– Alvorleg for elevane

Nestleiar i Elevorganisasjonen i Hordaland, Henrik Drivenes seier det ikkje er enkelt for elevane å tileigne seg kunnskapen dei skal utan lærarane.

– Dette er alvorleg for elevane. Tapt undervisning er tapt læring.

– Elevane må gjere sitt beste for å henge med. Men det er ekstremt vanskeleg å gjere utan læraren. Læraren er like viktig for oss som hammaren er for ein snikkar. Utan hammaren blir det ikkje noko bra byggverk, seier Drivenes.

Rothaugen skole

DEI FYRSTE I STREIK: Utdanningsforbundet sine medlem ved Rothaugen skole i Bergen var dei fyrste som blei tatt ut i streik. Frå måndag vert streiken trappa opp, og lærarar frå 132 ulike skular vert tatt ut.

Foto: Tale Hauso / NRK

Han meiner det blir viktig for elevane å snakke med lærarane etter at konflikten er over, for å få hjelp til å ta att det dei har gått glipp av.

Ingen endringar i eksamen

Kor langvarig konflikten mellom KS og lærarane blir, er vanskeleg å vite seier Fylkesdirektøren for opplæring i Hordaland, Svein Heggheim.

– Eg trur ikkje det blir ei veldig langvarig konflikt. Men det er klart, me er nøydd til å vere fleksible i forhold til timetal til undervisning og forholde oss til at nokon ikkje får den undervisninga dei skal ha.

Han understrekar at Fylkeskommunen ikkje har moglegheit til å gå inn og erstatte undervisninga som fell ut på grunn av streiken.

Eksamen elevane går gjennom på slutten av skuleåret skal teste dei i alle kompetansemål. Men sjølv om elevane ikkje har fått undervisning i alle kompetansemåla, blir ikkje eksamen nødvendigvis endra.

–Eksamen er den same for elevar i heile landet. Eksamen vert ikkje annleis for dei som ikkje har fått undervisinga. Om den skal bli det, er det i tilfelle ei vurdering dei sentrale myndigheitene må gjere, seier Heggheim.

– Det forstår me, seier Drivenes. Eksamen må vere lik for alle i landet.

LES OGSÅ: Foreslo aldri 7,5 time - NRK – Norge