NRK Hordaland – Lokale nyheter, TV og radio

NRK Meny

Siste nytt

  • Stort mannskap på Osterøy i natt

    Ti mann frå Sivilforsvaret legg framleis slangar fram til brannstaden på Reigstadfjellet. I tillegg kjem ytterlegare ti personar klokka 23 i kveld. Brannvesenet blir verande på staden med 6-7 personar, melder 110-sentralen i Hordaland laurdag kveld.

  • Brannhelikopteret gir seg klokka 21

    110-sentralen i Hordaland melder framleis ikkje kontroll på brannen på Osterøy. Helikopteret vil fly fram til klokka 21. Den siste timen blir brukt til å fly inn utstyr i høgda, slik at brannmannskapa vil vera klare for innsats utover natta.

  • Tre personar plukka opp frå sjøen

    Brannbåten i Lindås plukka opp tre personar frå sjøen utanfor Alverstraumen laurdag kveld. Meldinga kom inn 19.37. – Beskjeden var at dei ausa for harde livet, då båten tok inn vatn, seier Ronald Drotningsvik ved 110-sentralen. Klokka 19.51 var redningsbåten på plass. Trioen blei plukka opp tre hundre meter frå land. Alle var i fin form, ifølge brannvesenet.

  • Båt tar inn vatn i Meland

    Brannvesenet rykker ut i båt.

    Laster Twitter-innhold

Nyheter