NRK Vestland

Hopp til innhold

Siste nytt

  • Årets heiderspris til Dag Bjørndal under Gullparaplyen

    Dag Bjørndal fekk årets heiderspris under journalistprisutdelinga Gullparaplyen 2024 i Bergen. Bjørndal er nyleg pensjonert frå BA, og får altså heiderspris. – Gratulerer, skriv arrangør av prisutdelinga, Norsk Journalistlag Bergen, på Facebook.

    Dag Bjørndal vann heidersprisen under Gullparaplyen 2024
    Foto: Silje Rognsvåg / NRK
  • Sjå Vestlandsrevyen 19.30

    For 15 år sidan mista over 300 jobben på felgfabrikken Fundo i Høyanger. I dag, i dei same lokala, opna Hydro eit nytt resirkuleringsanlegg.

    For 15 år sidan mista over 300 jobben på felgfabrikken Fundo i Høyanger. I dag, i dei same lokala, opna Hydro eit nytt resirkuleringsanlegg. Programleiar: Jan Børge Leirvik.
  • Mann til sjenanse i Leirvik sentrum på Stord

    Fredag kveld fekk politiet melding om ein mann som var til sjenanse i Leirvik sentrum på Stord. Politiet rykka ut og fikk kontakt med mannen. Mannen som er i 30-år blei vist vekk frå sentrum til laurdag klokka 17.40 og blei følgt heim av patruljen.

  • Trude Storheim gir seg som sjef for Vossa Jazz

    Trude Storheim har delt på si private Facebookside at ho gir seg som leiar for Vossa Jazz. Storheim har vore sjef for festivalen sidan 2007, men har hatt permisjon for å jobbe som kommunalsjef for kultur og fritid på Voss. – Det er ei tid for alt. No er dagen komen for mi avgjerd om å slutta som sjef for Vossa Jazz, skriv Storheim. Vikariatet som Storheim har gått i, går ut i august, og då har ho prosjekt på gang, men er også open for nye utfordringar, seier ho til NRK.

    Trude Storheim, då ho var leiar i Vossa Jazz
    Foto: Jan Børge Leirvik / Jan Børge Leirvik/NRK