NRK Vestland

Hopp til innhold

Siste nytt

  • Får fem månader i fengsel etter å ha lurt mindreårig jente til å kle av seg

    Ein mann frå Stord er dømt til fengsel i fem månader, etter at han ved fleire høve fekk ei 13 år gammal jente til å kle av seg i videosamtalar med han. Ifølgje dommen frå Haugaland og Sunnhordland tingrett skal mannen også ha vist fram sitt kjønnsorgan til jenta. Retten meiner han har lurt og lokka jenta til å kle av seg. Mannen har erkjent forholdet.

  • Mann mista lappen etter laserkontroll

    Ein mann i 20-åra mista lappen etter at han vart målt til 126 km/t i ein laserkontroll på E39 ved Reed i Gloppen onsdag kveld. Det skriv Firda. Fartsgrensa på staden er 80 km/t, og det vert også oppretta sak mot mannen.

    Det var til saman tre personar i bilen, og ein av mannen sine kameratar fekk jobben med å køyra bilen vidare.

  • Sjå Vestlandsrevyen klokka 22.55

    Folk på sørsida av Førdefjorden er no leie av at dei ikkje kan sykla eller gå inn til Førde.

    Etter at eit steinras sperra gang og sykkelvegen, er bilvegen – med forbod mot gåande og syklande – det einaste alternativet.

    Sjå meir i Vestlandsrevyen. Programleiar er Jan Børge Leirvik.

  • Sjå Vestlandsrevyen klokka 19.45

    Politiet har sikta ein mann i 20-åra for drap etter eit overdosedødsfall i Bergen i november i fjor. Ein 18 år gamal mann døydde og tre personar blei pågripne for å ha etterlete mannen i hjelpelaus tilstand.

    Dette er endra til drapssikting for den eine av desse, og han blir framstilt for varetektsfengsling i morgon.

    Sjå meir i Vestlandsrevyen. Programleiar er Jan Børge Leirvik.