NRK Vestland

Hopp til innhold

Siste nytt

  • Sikta for vald og trugslar – framstilt for fengsling

    Ein 19 år gamal mann blir framstilt for fengsling i fire veker laurdag, etter at han er sikta for vald og trugslar mot politiet. Torsdag køyrde mannen inn i ein sivil politibil ved Knarvik kyrkje, utan førarkort. Mannen er tiltalt for liknande forhold som skal ha skjedd i februar i år. Denne saka har enno ikkje vore behandla i retten.

  • Politiet rykte ut til bråk på privat adresse

    Politiet har oppsøkt ei privat adresse ved Grønnestølen i Bergen etter melding om bråk. Politiet fekk melding klokka 08.33. Det skal vere fleire som kranglar og skrik på adressa. Politiet ha rykt ut saman med ambulanse. Det er no kontroll på staden, og ingen verkar skadde, ifølge politiet.

  • Mistanke om promillekøyring i Flåm

    Politiet stansa natt til laurdag ein personbil på E16 ved Flåm, der føraren er mistenkt for køyring i påverka tilstand. Politiet stogga bilen litt etter klokka 01.00. Føraren vart teken med til Lærdal sjukehus for blodprøvetaking. Det er oppretta sak.

  • Politiet krever handling fra UiB i obduksjonskrisen

    At det er stans i obduksjoner hos Gades Institutt ved Universitet i Bergen, bryter klart med politiets krav og forventninger, sier Vest politidistrikt til Bergens Tidende.

    I et brev ber politiinspektør Gunnar Fløystad universitetet om å klargjøre hvilke tiltak de skal gjøre for å sørge for at tjenestene de har avtale om, leveres.

    Nå ligger åtte avdøde og venter på å bli obdusert, og det er bare to rettsmedisinere som jobber ved instituttet, hvorav kun én av dem er i full stilling.

    Fløystad påpeker i brevet at rettsmedisinske obduksjoner er avgjørende for å fastslå om et dødsfall har en naturlig årsak eller ikke.

    Christian Vedeler, instituttleder ved UiB, skriver i en e-post til avisen at universitetet er i dialog med politiet, og at de jobber med å få løst problemet.

  • Dette er vinnarane på Gullparaplyen 2024

    Under «Gullparaplyen 2024», arrangert av NJ Bergen (Norsk Journalistlag), har det i kveld blitt delt ut prisar for å heidre den beste journalistikken frå Bergen og omland frå det siste året.

    Årets vinnar av hovudprisen Gullparaplyen er Bergens Tidende for «Tre skudd i Ibsens gate», ved Anne E. Hovden, Rune Christophersen, Per Lindberg, Philipp Bock, Lasse Lambrechts og Bendik Reed Årvik.

    – Journalistane følger opp saka med ei omfattande gransking som avslører kritikkverdige rutinar hos politiet. Journalistikken i denne saka har ført til nye, nasjonale reglar for etterforsking av politiet etter skyteepisodar, grunngav juryen.

    Sølvparaplyen for årets prosjekt gjekk også til Bergens Tidende for Tre skudd i Ibsens gate.

    Årets heiderspris gjekk til Dag Bjørndal, som er nyleg pensjonert frå BA. Årets unge talent er Sorosh Sadat i TV 2.

    Elles fekk følgande Sølvparaplyen under årets prisutdeling:

    Sølvparaplyen i kategorien foto gjekk til Bergens Tidende med bildeserien «De forlatte hjemmene» ved Marita Aarekol.
    Sølvparaplyen i kategorien lydproduksjon gjekk til Bergens Tidende for podkasten, «Enveisbillett til Sørpolen» ved Arve Ohnstad Stigen, Kjersti Mjør og Tonje Elisabet Aursland.
    Sølvparaplyen i kategorien video gjekk til NRK Vestland for serien, «De siste dødsdømte» ved Steinar Birkeland, Thomas Hellum, Jim Hansen, Gøril Grov Sørdal med fleire.
    Sølvparaplyen i kategorien lokalsak gjekk til Avisa Hordaland og «Dravle-Sjåk på Voss» ved Vidar Herre.
    Sølvparaplyen i kategorien enkeltsak gjekk til TV 2 og «Theresesaken», ved Haakon Eliassen, Robert Reinlund, Frode Hoff og Truls Aagedal.

    Årets vinnar av hovudprisen Gullparaplyen er Bergens Tidende for «Tre skudd i Ibsens gate», ved Anne E. Hovden, Rune Christophersen, Per Lindberg, Philipp Bock, Lasse Lambrechts og Bendik Reed Årvik.
    Foto: Silje Rognsvåg / NRK