Ein varebil køyrde i fjellveggen inne i Damsgårdstunnelen. – Dette var ei alvorleg ulukke, men vi veit ikkje skadeomfanget eller kor mange personar som var i bilen, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt. Rv 555 er stengt i retning vest, og det er mykje kø på Puddefjordsbroen. Politiet tilrår omkøyring via Laksevåg eller Fjøsangerveien.
Rv 555 er stengt i retning mot vest etter eit trafikkuhell i Damsgårdstunnelen. Naudetatane er på veg.
I dag ber politiet om varetektsfengsling i fire nye veker for mora og sonen som er sikta for drap på ein ung mann etter at han fall i bakken frå ei høgblokk i Fyllingsdalen 23. mars. Politiet har avhøyrd 45 vitne, skriv BT.
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.