9000 barn må vera heime

1156 Bergenslærarar legg ned arbeidet på måndag. - Streiken vil i stor grad ramma tredjepart, vedgår Utdanningsforbundet.

Møhlenpris skole i Bergen
Foto: Karoline Kalstveit / NRK

På mådag står rundt 9000 born i Bergen utan nokon skule eller barnehage å gå til. Møhlenpris skole (biletet) er ein av skulane i kommunen som vert råka, når omlag 733 førskule- og grunnskulelærarar i Bergen går ut i streik.

I tillegg streikar 351 lærarar i den vidaregåande skulen.

Sjå om din skule eller barnehage vert ramma av lærarstreiken.

I alt er det 1156 bergenslærarar organisert i Utdanningsforbundet og Skolenes landsforbund som streikar:

  • 733 i barnehagar og grunnskule
  • 351 i vidaregåande skule
  • 72 i administrerande stillingar

Prøvar å halda SFO ope

Særleg for foreldra til dei yngste barna, fører streiken til problem.

- Me jobbar på spreng for å sjå om me til dømes kan ha eit tilsyn i SFO delar av tida på enkelte skular, seier Robert Rastad, informasjonsdirektør i Bergen kommune.

Derfor oppmodar han alle foreldre som kan verta råka av streiken om å følgja med på kommunen sine nettsider, i tillfelle det skjer endringar.

Lønn er årsaka

Lærarane reagerer på at dei høgskuleutdanna i kommunane ikkje får den same lønnsutviklinga som andre partar i kommuneoppgjeret.

- Me fekk ikkje snudd den dramatiske mindrelønsutviklinga som me har sett sidan 2004, då lærarane vart overført til KS, seier John Torsvik til NRKHordaland.no

John Torsvik fra Utdanningsforbundet
Foto: NRK

Likevel legg ikkje Torsvik skjul på at ein skulestreik i stor grad vil råka tredjepart. Det vil i klartekst seia barnehagebarn, skuleelevar og foreldre.

Det var i går Unio beslutta at dei ikkje ville godta tilbodet frå KS, det gjer at medlemmar i Utdanningsforbundet streikar frå og med måndag. Også LO-forbundet Skolenes Landsforbund tek medlemmar ut i streik.

- Det er desverre slik at ein streik i offentleg sektor i stor grad rammar tredjepart. Fleire av dei tidlegare oppgjera kunne ha resultert i streik, men denne gongen var det nok nok!, seier Torsvik.

Siste video

Den tre kilometer lange tunnelen gjennom Løvstakken kan komme til å koste opp mot 150 millioner kroner.
Gjengen i Stjernekoret har sunget sammen i flere år, men i høst bestemte dirigenten at koret skulle prøve noe helt nytt.
Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.