Hopp til innhold

Aslaug (83) har fasta ei veke i operasjonskø

– Det er ventetida som er vond. Kvar gong nokon kjem inn i rommet, håpar eg at no skal eg endeleg opererast, seier Aslaug (83). Tysdag for ei veke sidan fall ho og brekte armen. I dag har ho fasta ei veke i påvente av operasjon.

83 år gamle Aslaug Josefsen blei lagt inn på sjukehus med broten arm for ei veke sidan. Kvar dag har ho fasta i påvente av operasjon, som enno ikkje har kome.

PÅ VENT: Kvar dag i ei veke har Aslaug Josefsen (83) blitt sett til å faste, i påvente av operasjon for eit komplisert brot i armen. Kvar dag har ho fått kontrabeskjed etter fleire timar. No er den eldre kvinna utsliten etter å ha faste ei veke i strekk, framleis utan å ha rykka fram i operasjonskøen.

Ein handletur til Kleppestø senter på Askøy tysdag førre veke enda dramatisk for Aslaug Josefsen (83). Då ho skulle ta mobilen opp av veska, trilla handlevogna av stad. Aslaug ville redda jordbæra og middagen i vogna, strekte seg etter varene, og snubla.

Det enda med eit stygt brot i den høgre armen. Fleire forbipasserande strøymde til, og tilkalla ambulanse som sende den eldre kvinna til Haukeland Sjukehus si intensivavdeling.

Blei forespegla operasjon neste dag

Men det var fyrst etter at ho hadde blitt innlagt på ortopedisk avdeling at den lange ventetida starta. Tysdag fortalde lokalavisa Askøyværingen om den eldre kvinna, som har venta ei veke med brot i armen.

For å vere klar for operasjon, blei Aslaug alt første kvelden sett til å faste, noko som er prosedyre ved eit slikt inngrep. Både ho og dei pårørande blei førespegla operasjon alt neste dag.

– Kvar gong nokon kjem inn døra, håpar eg at no kjem beskjeden om at eg skal få operasjon, seier den eldre kvinna stille.

Har fasta kvar dag i ei veke

Aslaug Josefsen

VEIT IKKJE NÅR HO FÅR OPERASJON: Kvar dag i ei veke har 83 år gamle Aslaug blitt sett til å faste, medan ho ventar på å bli operert etter eit komplisert brot i armen. No er både ho og dei pårørande slitne av å vente. – Mannen min er heime, han er sjuk og pleietrengande og svært uroleg for meg. Eg prøver å trøysta han som best eg kan over telefonen, fortel Aslaug.

Foto: Eli Fossdal Vaage

Då NRK besøker Aslaug tysdag føremiddag, veit ho enno ikkje om det blir operasjon denne dagen. Ho har fasta sidan kvelden før, og er tydeleg sliten.

Kvar kveld i seks dagar har den eldre kvinna fått beskjed om å ikkje ete noko frå og med midnatt, for å vere klar for operasjon neste dag.

Neste dag, i fleire tilfelle seint på kvelden, etter ein heilt dag utan mat, har ho fått kontrabeskjed: Det blir ingen operasjon i dag heller. Deretter er det ny runde med fasting, og ny skuffelse neste dag.

–Dei er veldig snille her på avdelinga, og steller utruleg bra med oss. Eg har ingenting å klaga på slik. Men det gjer vondt å berre venta. Eg forstår at det er andre, kanskje meir alvorlege tilfelle som må koma før meg, men kan det vera slik dag etter dag?

– Beklageleg at dette skjer

På Haukeland Sjukehus seier klinikkdirektør ved Ortopedisk klinikk, Lars Oddvar Arnestad, at det dessverre av og til blir lang tid å venta.

– Eg kan jo ikkje gå inn på einskildpasientar, men vi prioriterer fortløpande ut frå medisinsk tilstand. På grunn av sjukdom mista vi før helga ei heil operasjonsstove, og så kom 17. mai. Det er marginalt og vi har lite å gå på med ei heil operasjonsstove ute av spel.

– Forstår du at denne kvinna er fortvila over å ha venta ei heil veke?

– Det er veldig beklageleg, og heldigvis er dette noko som skjer sjeldan. Inntil i haust hadde vi færre operasjonsstover, og det var vanlegare at folk måtte venta. No har vi eigentleg god dekning, og så lang ventetid er som sagt heldigvis sjeldan.

– Veit du når denne pasienten vil få operasjon?

– Som sagt kan eg ikkje gå inn på einskildpasientar, men vi må prioritera fortløpande, og det er vår utfordring. Om nokon kjem inn og treng meir akutt hjelp, må dei koma først i køen.

Må venta endå lenger

Haukeland universitetssykehus

SJUKEHUSET BEKLAGAR: – Dette er beklageleg, og heldigvis skjer slikt veldig sjeldan. Det seier klinikkdirektør Lars Oddvar Arnestad. Han forklarar at dei fortløpande er nøydde til å prioritera pasientane som kjem inn, og at dei som det hastar mest med, må få hjelp fyrst.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Kort tid etter at NRK forlèt sjukehuset tysdag føremiddag, sender dottera til Aslaug, Hildegunn Bøkevoll, ei fortvila melding på sms.

"Det blir ingen operasjon i dag heller. Dette er helt fortvilende. Man føler seg så maktesløs og frustrert over at eldre mennesker ikke er mer verdt enn som så! En skam rett og slett".

Heime på Askøy sit Aslaug sin mann og ventar. Han er pleietrengande, og svært uroleg for kona si.

På spørsmål om korleis ho trur det går heime medan ho er borte, kjempar Aslaug med tårene.

– Eg prøver å trøysta han som best eg kan over telefonen. Men det er ikkje godt å liggja slik, dag etter dag. At eldre menneske skal behandlast slik, er meir enn eg kan forstå.