Hopp til innhold

80.000 mista radiosignalet under ekstremvêret

Det vart stilt i svært mange radioar då stormen «Urd» herja andre juledag. Framleis er mange utan radiosignal.

Stormen "Urd" ved Florø

RUSKEVÊR: «Urd» vart ikkje så ekstremt som mange frykta, men stormen fekk konsekvensar for både straumen, naudnettet og radiosignala.

Foto: TRULS KLEIVEN

Titusenvis mista telefondekning, nettilgang og straum under ekstremvêret Urd. For mange datt òg radiosignala ut, og i underkant av 80.000 nordmenn er framleis utan radiosignal.

Norkring, som eig og driftar sendarinstallasjonane, opplyser at hovudårsaka er straumbrota som kom som følgje av uvêret.

– Oppryddingsarbeidet er no i fullt fokus. Det er mange saker, men desse er på veg ned no. Vi har entreprenørar som er ute i felt og jobbar med feilretting for at vi skal få alt oppe og gå igjen, fortel pressekontakt Ingrid Dietrichson.

Hordaland er hardast råka. I tillegg har fleire mista radiosignala i Sogn og Fjordane og i Agder.

Tre veltet etter Urd

SKAPTE TRØBBEL: Svært mange slike trevelt skapte problem for viktig infrastruktur under stormen andre juledag.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Både DAB og FM

– Ingen av våre hovudstasjonar, som dekker store delar av befolkninga, har vore ute i forbindelse med Urd, presiserer Dietrichson.

Ho understrekar at dette ikkje har noko med DAB-nettet å gjere, og seier feila har vore jamt fordelt mellom FM og DAB-nettet.

– Status no er at 40.000 kundar er ute frå DAB, og i underkant av 40.000 er ute frå FM. Desse tala har halde seg jamne heilt sidan andre juledag, men det går litt opp og ned, seier Dietrichson.

Tala gjeld for heile landet, og Norkring har ikkje oversikt over nøyaktig kor mange i Hordaland som er utan radio onsdag.

Kan ta dagar å retta

Ting er altså på betringas veg, men for nokre vil det ta dagar før det lyd i radioen igjen.

– Vi ser at situasjonen stabiliserer seg. Oppryddingsarbeidet er i fullt fokus, og det er snakk om dagar før vi har fått retta opp i feila, seier Dietrichson.

– Uvêret blei mindre enn det som var meldt mange plassar. Skal ikkje nettet tole dette?

– Så lenge dette handlar om eksternkraft er det lite vi som aktør får gjort. Dette er eit godt og robust nett, men når straumen forsvinn er det lite vi som utbyggjar, driftar og eigar får gjort noko med, svarar Dietrichson.

– Kunne ein gjort meir på førehand for å unngå at så mange mista signala sine?

– Det er vanskeleg å sei på noverande tidspunkt. I tråd med alt av hendingar som skjer hjå oss blir det gjort evalueringar i etterkant, og då vil vi sjå om det er ting vi kunne gjort på ein anna måte.

Norkring beklagar til dei som har vore, og framleis er, utan radio.

– Det er frykteleg leit at folk mister signala i ei tid der det er hyggeleg å sjå og høyre på TV og radio, avsluttar Dietrichson.