Hopp til innhold

80 studieplassar er ikkje nok

Rektor ved Universitetet i Bergen er ikkje nøgd med løyvingane frå regjeringa, og meinar politikarane er utan ambisjonar.

Universitetet i Bergen
Foto: Thor Brødreskift / Thor Brødreskift

Regjeringa foreslår 80 nye studieplassar til Universitetet i Bergen

- Eg er glad for dei nye studieplassane, men konstaterer at det ikkje vil monne i forhold til yngrebølgja, seier rektor Sigmund Grønmo.

Les òg: Gir plass til flere studenter

Les òg: UiB er best i Noreg

- Ein veldig liten auke

Sigmund Grønmo.

Sigmund Grønmo, UiB.

Foto: UiB

- UiB har alt tatt opp 3000 fleire studentar enn det universitetet har basisfinansiering for, og manglar i dag 200 millionar kroner for å fullfinansiere desse studentane. Likevel hadde me i år 4000 fleire søkarar enn me kunne ta opp. I denne samanhengen er 80 nye studieplassar ein svært liten auke, seier Grønmo.

- Færre får studere ved universiteta

Regjeringa foreslår til saman 2200 nye studieplassar på landsbasis. Universiteta i Bergen, Trondheim og Oslo får 435 av desse nye studieplassane.

- Det betyr at ein mindre del av norske unge får høve til å studere ved universiteta, seier Grønmo.

Han skulle sett at universiteta i mykje større grad fekk utnytte dei moglegheitene yngrebølgja gjer til å kombinere kunnskapsutvikling og kompetansebygging for komande generasjonar.

I tillegg får UiB løyvingar til desse tiltaka:

Regjeringa foreslår ei auke på 4,8 millionar kroner som fylgje av at midlar til 'Småforsk' vert lagt inn i ramma til institusjonen, og ein auke på 20 millionar kroner som fylgje av at klimaforskingssenteret vert lagt til UiB.

Det vert òg foreslått 164, 5 millionar kroner til utstyr i samband med nytt bygg for odontologiutdanninga.

Nytt odontologibygg ved Universitetet i Bergen er under oppføring og skal vere ferdig i 2012. Odontologibygget har ei kostnadsramme på 811 millionar kroner og i budsjettet er det sett av 260 millionar kroner til prosjektet i 2011.

Høgskulen i Bergen

Regjeringa foreslår ein auke på 12,4 millionar kroner til etablering av 175 nye studieplassar og opptrapping med nye kull for studieplassar tildelt i 2009 ved Høgskulen i Bergen. Vidare vert det foreslått ein auke på 0,8 millionar kroner som fylgje av at midlar til ’Småforsk’ vert lagt inn i ramma til institusjonen. Det vert òg foreslått ei løyving på 85 millionar kroner til utstyr i samband med nytt bygg for høgskulen. Totalt vert det foreslått ei løyving på 748,5 millionar kroner til høgskulen.

Høgskulen i Bergen skal samlokaliserast. Arbeida knytt til nybygging på Kronstad starta opp i 2010. Det er foreslått ei løyving på 325 millionar kroner for å vidareføre arbeida i 2011. Bygget skal vere ferdig til å bli tatt i bruk ved semesterstart 2014 og kostnadsramma er på 2375,5 millionar kroner.

Høgskolen Stord

Regjeringa foreslår ein auke på 1 million kroner til etablering av 15 nye studieplassar og opptrapping med nye kull for studieplassar tildelt i 2009 ved Høgskulen Stord/Haugesund. Vidare er det foreslått ein auke på 0,2 millionar kroner som fylgje av at midlar til ’Småforsk’ vert lagt inn i ramma til institusjonen. Totalt vert det foreslått løyvingar på 253,6 millionar kroner til høgskulen.

Kunsthøgskolen

Regjeringa foreslår ein auke på 3,5 millionar kroner til opptrapping med nye kull for studieplassar tildelt i 2009 ved Kunsthøgskulen i Bergen. Vidare vert det foreslått ein auke på 0,1 millionar kroner som fylgje av at midlar til ’Småforsk’ vert lagt inn i ramma til institusjonen. Totalt er det foreslått løyvingar på 96,8 millionar kroner til drift av høgskulen. I tillegg er det foreslått ei løyving på 19,8 millionar kroner til stipendprogram for kunstnarisk utviklingsarbeid, og 2 millionar kroner til FoU-satsing på kunstnarisk utviklingsarbeid.

Bergen Arkitekt Skole

Regjeringa foreslår ei løyving på 12,6 millionar kroner til Bergen Arkitekt Skole.

Betanien diakonale høgskole

Regjeringa foreslår ei løyving på 23,2 millionar kroner til Betanien diakonale høgskule, av dette er det ein auke på 147 500 kroner til etablering av 5 nye studieplassar.

Haraldsplass diakonale høgskole

Regjeringa foreslår ei løyving på 23,7 millionar kroner til Haraldsplass diakonale høgskule, av dette er det ein auke på 570 000 kroner til opptrapping med nye kull for studieplassar tildelt i 2009.

NLA Høgskolen

Regjeringa foreslår ei løyving på 89,5 millionar kroner til NLA Høgskulen, av det ein auke på 0,2 millionar kroner som fylgje av at midlar til ’Småforsk’ vert lagt inn i ramma til institusjonen.