Hopp til innhold

80 prosent får karakteren 3 eller dårlegare

BERGEN (NRK): Nesten en av fem stryk i praktisk matteeksamen, viser ein førehandssensur blant elevar på 1. vidaregåande.

Eksamen

Blant 707 eksamenssvar i vår fekk berre éin elev toppkarakter. Dei dårlege resultata har vore ein trend, spesielt dei tre siste åra. Illustrasjonsfoto.

Foto: NATHALIE BOURREAU / PHOTOPQR/PRESSE OCEAN

– Sjølvsagt skulle me sett at resultatet var høgare. Det er eg lei meg for, både på elevane og faget sine premiss.

Prorektor Bjørg K. Selvik ved Høgskulen i Bergen (HIB) tar imot studentar som kjem ut med dårlege mattekarakterar frå vidaregåande.

– Me må forhalde oss til studentane me får, og tenke at me kan tilføre noko her hos oss.

– Kan skuldast låg interesse

Mot slutten av mai vart den årlege eksamen i praktisk matematikk for elevar på første vidaregåande gjennomført. Ein førehandssensur vart utført på grunnlag av 707 eksamenssvar.

80 prosent fekk karakteren 3 eller dårlegare. Berre éin elev fekk toppkarakter. Dei dårlege resultata har vore ein trend, spesielt dei tre siste åra.

Prorektor ved HIB, Bjørg K. Selvik

Prorektor Bjørg K. Selvik ved Høgskulen i Bergen (HIB) fortel at mange tiltak er gjort for å betra mattekarakterane, men at ting tar tid.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Praktisk retta matematikk går ikkje like djupt inn i matematikken som teoretisk matematikk. Prorektor Selvik trur grunnen til dårlege karakterar kan vera låg interesse for faget.

– No veit me vell at dei som har minst interesse for faget vel den enklaste forma for matematikk.

– For teoretisk

Påtroppande politisk nestleiar i Elevorganisasjonen, Rahman Chaudhry, er ikkje overraska over det dårlege resultatet i praktisk matteeksamen.

Han trur dei låge karakterane skuldast ein kombinasjon av at eksamen ikkje visar kompetansen til eleven på ein god nok måte, og at praktisk matematikk er for teoretisk.

– Elevane blir overraska når dei kjem til praktisk og finn ut at det også er veldig teoretisk.

Dette fører til at elevane mister motivasjonen, og dermed ikkje klarar å gjere det bra på eksamen, fortel Chaudhry.

– Dei stryk, og må ta eksamen opp igjen.

Påtroppande politisk nestleiar i Elevorganisasjonen, Rahman Chaudhry

Påtroppande politisk nestleiar i Elevorganisasjonen, Rahman Chaudhry.

Foto: Julian Söderberg

– Ting tar tid

Nestleiaren i Elevorganisasjonen meiner fleire praktiske øvingar kan vere løysinga.

– Ein må ha fleire praktiske forsøk. Ein må ha meir praktisk undervisning, og ikkje berre teoretisk tavleundervsninig.

Prorektoren ved HIB fortel at mange tiltak er gjort for å betra mattekarakterane i vidaregåande, men at ting tar tid.

– No har det jo vore ei langsiktig satsing på matematikkfaget. Timetalet er utvida. Det er gjort mykje med lærarutdanning og kompetanseutheving av lærarar. Me må ha litt is i magen, og tenke at ting verkar, men det tar gjerne litt tid, seier Selvik.