Hopp til innhold

80-åring stakk av etter ulukke på E39

Ein person er sendt til sjukehus, etter eit trafikkuhell ved Studalen på Stord. Ein bilførar i 80-åra braut vikeplikta og køyrde inn i ein anna personbil.

Studalen, Stord

Ei kvinne i 30-åra er sendt til sjukehus etter ein kollisjon på E39 ved Studalen på Stord.

– Ein bilførar i 80-åra braut vikeplikta då han skulle svinge inn på E39 frå ein sideveg, og trefte personbilen som kvinna sat i, seier operasjonsleiar Svein Roald Vikse i Haugalandet politidistrikt.

Kvinna har smerter i kroppen, og blei difor sendt til sjukehus for ein sjekk.

– Ho meiner sjølv ho kan ha brote nokre ribbein, seier Vikse.

Stakk av etter ulukka

Etter å ha treft personbilen som kvinna sat i, køyrde den 80-år gamle mannen vidare utan å stoppe.

– Han ringde seinare for å varsle om at han hadde køyrt på ein bil, og at han var skuld i kollisjonen, seier Vikse.

Politiet er reist for å snakke med mannen om kva som har skjedd.

– Ein ting er at ein ikkje held trafikkreglane, men det er ikkje bra å ikkje stoppe etter ha vore involvert i ei ulukke, seier Vikse.

Mannen kan komme til å miste førarkortet etter kollisjonen.