Kvinna måtte inntil i dag dela enkeltrom med ein annan person som røykte på senga. Det trass i at ho aldri har røykt sjølv.
Opprørt
- Me har press på institusjonen. Det er mange som treng plass, og i og med at me ikkje har fått ferdigstilt omsorgsbustadar slik planen var, må me plassera to på enkeltrom, fortel Torgeir Sæther i Osterøy kommune.
80-åringen og hennar familie er opprørt over handsaminga, skriv avisa Bygdanytt.
Innfører røykeforbod
Men Torgeir Sæther seier kvinna no skal få sleppa å bu på eit røykfullt rom.
- Det skal frå i dag av ikkje røykast på rommet, slår han fast.