75 år sidan Bergen blei lagt i ruinar: – Heile sentrum blei nærast flata ut

20. april 1944 eksploderte det nederlandske skipet «Voorbode» med minst 120 tonn sprengstoff om bord. På Hitlers fødselsdag omkom 169 menneske og store delar av Bergen blei lagt i ruinar.

Bergen i ruiner etter eksplosjonsulykken på Vågen

RUINAR: Både på bryggesida og Nordnes-sida av Vågen blei bygningar lagt i ruinar. Her frå Nordnes.

Foto: Ukjent fotograf / OHK-samlingen / Universitetet i Bergen

«Voorbode» hadde fått motortrøbbel og kom til Bergen for reparasjon 17. april. Den tidlegare fiskebåten var no på jobb for tyskarane.

Til hamnekapteinen på Bradbenken viste skipperen fram skipspapira, utan å spesifisere lasten utover at han var eigd av Wehrmacht og skulle til Hammerfest.

«Voorbode» blei godteken og vist ein plass på kaien.

Under dekk låg minst 120 tonn med dynamitt og såkalla Lynit.

– Eigentleg var ammunisjonen berekna på evakueringa av Finnmark. Men her eksploderte han 20. april, seier Tryggve Fett, kjend byhistorikar og pensjonert seniorrådgivar ved Bymuseet.

Augeskadar

På morgonen den dagen kom to norske reparatørar om bord i «Voorbode». Dei skulle sjå på maskinen, men kjende ein mistenkeleg svovellukt. Dei såg røyk frå lasterommet, og i all hast forlét dei skipet. Fleire stader i byen kunne ein sjå røyken, og folk følgde med på kva som hende i Vågen.

– Ein del sat ved frukostbordet og såg lysglimtet og lurte på kva det var for noko. Så kom heile vindauget innover dei. Veldig mange av skadane på menneske var augeskadar. Tusenvis hadde augeskadar, seier Fett.

169 menneske omkom i eksplosjonen, 101 av dei nordmenn. 5000 menneske blei behandla av lege.

Bergen i ruinar

Ein del av ankeret til «Voorbode» landa ved ei hytte på Sandviksfjellet, tre kilometer i luftlinje og 400 meter over havet.

Ankeret på Sandviksfjellet

LANDA: 400 høgdemeter over eksplosjonsplassen landa delar av ankeret til «Voorbode».

Foto: Svein Harkestad

Bergen sentrum låg i ruinar.

– Hele sentrum blei nærast flata ut. Det pussige er at taka røyk på Bryggen, men sjølve gardane fekk berre ein kraftig «kilevink». Murbygningar var stivare enn trebygningane, og fleire murkonstruksjonar enn trekonstruksjonar røyk til, seier Fett.

Hevda sabotasje

20. april er bursdagen til Adolf Hitler, og tyskarane meinte sabotørar stod bak eksplosjonen. Dette blei formidla til sjåarane av filmavisa, som tyskarane kontrollerte.

20. april 2014 går den ombygde fiskeskøyten Voorbode i luften ved bryggen i Bergen.

20. april 2014 går den ombygde fiskeskøyten Voorbode i lufta ved Bryggen i Bergen.

Men årsaka til eksplosjonen var sjølvtenning av kolet som låg bunkra i skipet, ifølgje Bergen byarkiv og Store norske leksikon.

Eksplosjonen er av sistnemnde rekna som den største enkeltkatastrofen i Noreg under okkupasjonen.

Sjølv har Fett gjennom karrieren vore oppteken av gamal bergensk bygningsmasse – dei tette små trehusa som byen er kjend for. Eksplosjonen i 1944 blei òg ein tragedie for denne type bygningar.

– Eksplosjonen forsterka oppfatninga som hadde bygga seg opp under krigen, nemleg at store delar av Bergen sentrum måtte fornyast. Den låg forferdelege planar om totalrasering av den type bygningsmasse som vi kallar typisk bergensk. For eksempel blei store delar av Strandgaten fornya slik ein tenkte for heile nordneshalvøya. Grunnen til at det ikkje gjekk sånn for heile Nordnes var rein økonomi, seier han.

Den ombygde fiskeskøyta Voorbode eksploderte på Vågen i Bergen, fullastet med sprengstoff 20. april 1944. Einar K. Gjessing forteller om sin opplevelse den dagen.

Den ombygde fiskeskøyta Voorbode eksploderte på Vågen i Bergen, fullasta med sprengstoff 20. april 1944. Einar K. Gjessing fortel om si oppleving den dagen.