Her er det ingen ledige plassar

I dag kom søkjartala for høgare utdanning. Aldri før har Universitetet i Bergen tilbydd fleire søkjarar studieplass.

Naturhistorisk museum

FULLT: Aldri før har Universitetet i Bergen tilbydd fleire søkjarar studieplass.

Foto: Runa Victoria Engen

Det er Samordna opptak som koordinerer opptaket til 43 universitet og høgskular landet over. I år var det 119.900 som søkte seg til høgare utdanning, noko som er ny rekord.

6969 av søkjarane har fått tilbod om studieplass ved Universitetet i Bergen. Det er det høgste talet nokosinne.

– Ingen ledige plassar er statusen no, melder universitetet i ei pressemelding.

UiB: Stor konkurranse

– Det er gledeleg at så mange vil studere hjå oss. Spesielt positiv er det at vi får fleire studentar innan realfag og på lektorutdanninga, seier viserektor for utdanning Oddrun Samdal.

På UiB er det størst konkurranse på jus, medisin og mediefag. På jussen er det 2347 søkjarar som ikkje har fått plass, medan 1300 ikkje kom inn på medisin.

Samstundes merkar universitetet at tradisjonelle språkfag som tysk og fransk er mindre populært. Dette er ein nasjonal trend. Men japansk og russisk opplever på side ein auke i år.

HiB: Sjukepleiar framleis populært

Pasient og sykepleier (Illustrasjonsfoto)

POPULÆRT: Mange vil framleis bli sjukepleiarar. Ved Høgskolen i Bergen er det 955 som står i kø på sjukepleiarutdanninga.

Foto: Åse Karin Hansen / NRK

Også på Høgskolen i Bergen står studentane i kø, her har søkjartala auka med 6,3 prosent sidan i fjor.

– Interessa for ingeniørfag er større enn nokon gong med nær 1100 primærsøkjarar til vel 500 studieplassar, seier rektor Ole-Gunnar Søgnen

Helse- og sosialfaga har alltid vore populære og HiB kan melde om at trenden held fram i år. I år er det 955 søkjarar som står på venteliste til sjukepleiarutdanninga, noko som er ein auke frå i fjor på 11 prosent.

– Kampen om studieplassane skapar høge poengkrav og gir høg kvalitet på studentane, meiner Søgnen.

NHH: Færre søkjarar

NHH

FÆRRE: NHH har færre søkjarar i år enn i fjor, men poenggrensa er framleis høg.

På Noregs Handelshøgskule har søkjartalet i år gått ned. Det er 2018 personar som i år hadde høgskulen på Eidsvåg som førsteval, ein nedgang på 11 prosent frå året før.

Men NHH er nøgd med at poengkravet framleis er høgt. Etter hovudopptaket syner tala at poenggrensa var 53,0 i førstegangsvitnemålkvota og 56,2 i ordinær kvote.

– Det er gledeleg, spesielt med bakgrunn i at søkjartala har gått ned noko. Det syner at høgskulen framleis trekk til seg toppstudentar, seier NHH-rektor Frøystein Gjesdal.

HSH: Fleire søkjarar

Det er travelt også på opptakskontoret ved Høgskulen Stord/Haugesund. Opptakstala er i år 10 prosent betre enn i fjor.

– Vi sender ut 966 tilbod om studieplass gjennom Samordna opptak. Det er gledeleg, seier studiesjef Gro Nesheim.

Det vanskelegaste studiet å koma inn på er framleis nautikk. For tredje år på rad har faget den høgste poenggrensa ved høgskulen.


Siste video

Planetaten i Bergen kommune har lagt frem sitt forslag til ny trasé for Bybanen til Fyllingsdalen. Se hvordan de ser for seg den ti kilometer lange skinnegangen som vil koste minst 6,2 milliarder kroner.
En meteor eksploderte og brant opp i atmosfæren vest for Bergen i natt. De som var våken fikk seg et spektakulært show på nattehimmelen.
Har vunnet Statoil talentstipend på en million kroner.