Dei siste 24 timane har 85,2 millimeter med nedbør hølja over Bergen.
Utrulege 70 millimeter av dei har kome dei siste tolv timane! Det førte til oversvømmingar og flaum fleire stader i Bergen.
– I enkelte periodar i går kveld kom det mellom 9 og 10 millimeter nedbør per time. Det er svært mykje, seier meteorolog Berit Hagen ved Vêrvarslinga på Vestlandet til NRK.
Også andre stader på Vestlandet har det vore søkkvått det siste døgnet:
- Stryn: 55,0 millimeter
- Førde: 62,1 millimeter
- Fureneset: 55,9 millimeter
- Takle: 69,9 millimeter
- Myrkdalen: 54,0 millimeter
Bøttevis med vatn
Hagen seier det er ein av dei mest regnfulle døgna til no i år i Bergen.
Likevel er det eit stykke opp til rekorden i Bergen som er på 156,5 millimeter på eit døgn. Det skjedde under stormen «Kristin» tilbake i 2005.
Meteorologane reknar gjerne nedbørsmengder i millimeter til tilitersbøtter. Ti millimeter nedbør svarar til ei tilitersbøtte per kvadratmeter.
Det betyr at det i går kveld og i natt kom sju slike bøtter per kvadratmeter i Bergen.
Mindre no, meir seinare
Fredag morgon har byevêret roa seg noko, men bergensarane har meir i vente. Obs-varselet som er sendt ut gjeld også fredag kveld. Vervarslinga åtvara torsdag om at det kunne koma 130–160 millimeter lokalt i løpet av 36 timar.
– Det vil komme meir nedbør og utover ettermiddagen vil det auke på med intense regnbyer. Temperaturane vil droppe ned mot berre eit par plussgrader i kveld, så det er ei kraftig vêromslag, forklarar meteorolog Hagen.
Ho oppfordrar folk til å framleis følgje med bustadane sine, i tilfelle det skulle fløyme over på nytt slik som i natt. Heller ikkje i helga er det venta noko betring.
Det er meldt bygevêr både laurdag og søndag.