NRK Meny
Normal

– Eg stod med vatn til halsen og sa: No hoppar eg!

For 70 år sidan omkom 11 menneske då rutebåten "Masfjord" forliste ved Duesund i Masfjorden. Ellen Maria Sandnes var berre ei ungjente då båten gjekk ned, men detaljane frå uvêrsnatta set som spikra.

Ellen Maria Sandnes var berre fjorten år då rutebåten "Masfjord" forliste ved Duesund i 1944. Ho hugsar likevel ulukka like tydeleg i dag.

– Eg stod med vatn til halsen og sa: No hoppar eg! Etter å ha klamra seg til ei kasse, blei 14 år gamle Ellen Maria Sandnes redda opp av to menn som stod på land. Saman såg dei rutebåten "Masfjord" forsvinna ned i djupet. Videoen er frå ei minnesmarkering for å markera 50-årsdagen til ulukka, men også i dag, 70 år etter, hugsar ho alt som skjedde i detalj.

Morgenavisen dagen etter forliset

PREGA OVERSKRIFTENE: Forliset prega avisene i dagane etter ulukka. Her er forsida til Morgeavisen fredag 4. februar 1944.

Foto: Morgenavisen

Det er grytidleg morgon 3. februar 1944. Ute bles det stiv kuling, det er bekmørkt, regn og hagl gjer at sikten til sjøs er dårleg. I over 30 år har rutebåten "Masfjord" trufast gått mellom Masfjorden og Bergen. Enno veit ingen av dei mellom 40 og 50 passasjerane om bord at denne morgonen blir alt annleis.

70 år sidan Masfjord-forliset

På Duesund i Masfjorden gjer 14 år gamle Ellen Maria "Tutti" Sandnes seg klar til båtturen inn til Bergen. Klokka er berre 04.30 om morgonen då ho tek farvel med søskena sine i sommarhuset der ho og familien er innlosjerte under krigsåra. No skal ho skal reisa til byen saman med ei venninne.

Minnesmerke over Masfjord-forliset

VÊRUTSETT PLAKETT: Ved markeringa for 50-års dagen etter forliset blei det sett opp eit minnesmerke på staden der forliset skjedde. Ellen Maria Sandnes var med og bar fram blomar. Den ber preg av at det er ein vêrhard stad dei overlevande blei redda i land på.

Foto: Erlend Spurkeland

– Bestemor mi følgde meg ned på kaien. Ho bad mannskapet venta på grunn av det fæle vêret, men dei meinte det skulle gå fint, hugsar den no over 80 år gamle kvinna.

Slik går det ikkje. Berre kort tid etter at båten har stemna frå kai, høyrer passasjerane eit brak. Ifølgje vitne i sjøforklaringa, trur fleire at båten berre har lagt på stoppestaden på Hosteland, og fleire kommenterer at båten legg så hardt til.

Berre ei av venninnene kom fram

Ellen Maria, eller "Tutti" som ho blei kalla, var berre fjorten år gamal då forliset skjedde. I dei 70 åra som har gått sidan, har ho tenkt på hendinga tallause gonger.

Overskriftene dagen etter

I AVISA SAME DAG: Alt torsdag 3. februar 1944, for 70 år sidan, skreiv Bergens Tidende om forliset berre timar etter at ulykka var eit faktum.

Foto: Bergens Tidende

Måndag har ho følgd med på klokka, og time for time gjenopplevd den tragiske morgonen.

–Vi stod på dekk, vi to jentene. Eg sa til Emmy at det var noko rart, at båten såg ut til å ta ei ny lei. Men ho var meir tynnkledd enn eg, og ville ned i salongen for å få varmen i seg. Sidan har eg tenkt dei tankane om igjen og om igjen: At eg forstod at noko var gale, at båten faktisk hadde feil retning.

Slepper aldri taket

Etter braket var stemninga om bord likevel forholdsvis roleg. Ellen Maria sprang opp på dekk for å sjå, undervegs fekk skipet brått slagside.

Med eitt sprang eg på dørene inn til lugarane, båten låg heilt skeivt i sjøen. Då eg kom til lasteluka lengst bak stod eg med vatn til haka og sa: No hoppar eg!

Den no 83 år gamle kvinna er fatta, ho har gjennomgått historia så mange gongar før. Eit bilete har likevel brent seg fast.

– Då eg kasta eit blikk til venstre, såg eg ei mor sitja med barnet sitt i fanget, barnevogna stod utanfor. Ho sat heilt roleg og gjorde ingen teikn til å flykta, trass i at skipet no tydeleg var på veg til å kantra.

Heltemodig innsats redda liv

Både kaptein Karl Vabø og styrmannen mistar livet i forliset, men først etter å ha gjort sitt til at fleire berga livet.

Under kan du høyra den kjende folkemusikaren fortelja om forliset.

Finn Vabø var berre tolv år då far hans, Karl Vabø, gjekk ned med skipet som førar for MS Masfjord. Her fortel han om den tunge dagen då han fekk vita om ulukka.

Felespelar Finn Vabø mista far sin, Karl Vabø, i ulukka. Han var tolv år, og fekk vita om det som hadde skjedd i skulegarden.

Men ungguten kunne ikkje tru at det var sant, og tok sjølv trikken ned til kaien, slik han pleidde. Denne dagen venta han forgjeves på "Masfjord".

Finn Vabø møter kongen

MØTTE KONGEN: – Det at far hadde latt fela stå igjen heime, blei ein sterk motivasjon for meg for å læra meg å spela. Det fortel Finn Vabø, som overtok faren si fele etter at han omkom då 'Masfjord' forliste. Biletet er frå eit møte med sjølvsate kongen.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / NTB scanpix

Det at han ikkje hadde med seg fela om bord, slik han vanlegvis alltid hadde, blei ein ekstra motivasjon for meg til å læra meg å spela, fortalde den kjende folkemusikaren til NRK under 50-års markeringa for forliset i 1994.

Redda livet på ei kasse

Vitneforklaringar fortel om mannskap som held lyskastarar for å hjelpa passasjerar å finna vegen til land, og ein kaptein som var i land og kunne ha berga seg, men som likevel vendte tilbake til skipet.

Sjølv fekk Ellen Maria tak i ein kasse som held henne flytande, heilt til to kjenningar frå Duesund som hadde komme seg i land fekk rekt henne hendene og drog henne i land.

– Den første eg spurde etter, var venninna mi, Emmy. Men henne såg vi aldri meir. Eg trur dragsuget må ha tatt henne ned, seier ho stille.

Veit ikkje kva som gjekk gale

Sjøforklaringa konkluderer med at dårleg vêr var medverkande årsak til tragedien. Kva som gjorde at det erfarne mannskapet akkurat denne dagen valde feil kurs, er det ingen som veit.

MS Masfjord

SOLID SKIP: MS Masfjord var bygd i 1907, og blei i Sjøforklaringa etter forliset omtalt som eit svært solid og stabilt skip. Noko fullgod forklaring på årsaka til ulukka har dei pårørande aldri fått.

Fleire kjelder fortel at eit lys som vanlegvis viste leia for fartøy ved Duesund akkurat denne dagen ikkje lyste. I andre etasje på eit bustadhus ved forlisstaden var det ein lampe tent av ei ung mor som stelte med spedbarnet sitt.

Ei forklaring kan vera at skipet misforstod lyset frå lampen, og tok det for å vera lyset som skulle visa veg.

Inga Sleire er babyen som denne morgonen låg og blei stelt i lampeskjæret. Ho har vokse opp med historia om forliset.

– Dei fortel meg at lyset var på fordi mor var oppe og stelte meg, som berre var eit par månader. Samtidig var det eit lys på Halsøy som pleidde vera på, men som denne morgonen ikkje var der. Så derfor kan båten ha tatt feil, men det kan eg jo ikkje vita heilt sikkert.

Forliset som prega eit liv

I 1944 var kriseteam og oppfølgingsarbeid framandord. Sorga og saknet over ei kjær venninne har Ellen Maria hanskast med sjølv.

Utsikt mot ulukkesstaden

UTSIKT MOT ULUKKESSTADEN: Slik ser det ut frå land på staden der 'MS Masfjord' gjekk ned, og Ellen Maria Sandnes saman med dei andre omkomne blei berga i land.

Foto: Erlend Spurkeland

Sjølve forliset var over i løpet av fem minuttar frå skipet grunnstøtte til det forsvann i fjorden. For dei overlevande har det blitt fem livslange minuttar.

– Eg ser det jo klår for meg. Spesielt det aller siste vi såg av skipet, berre nokre gneistar og litt røyk frå pipa før det blei stille.

Etter ulukka tok det heller ikkje lange tida før ho igjen måtte om bord i ein liknande rutebåt. Sjølv er ho takksam og glad for å berga livet den gongen.

– Men eg likar ikkje å fly. Eg vil helst ha fast grunn under føtene. Og så likar eg meg best oppe på dekk dersom eg tek båt, eg vil liksom følgja med på det som skjer, seier ho.

I 1994 laga NRK-journalist Vigdis Holmaas ein radiodokumentar om forliset, der ho intervjua fleire overlevande og pårørande. Høyr heile dokumentaren ved å klikke på lenka under.

RADIODOKUMENTER OM MASFJORD-FORLISET: I 1994 var det 50 år sidan ulukka, og dei omkomne blei heidra med eit minnesmerke ved Duesund. Her kan du høyra heile radiodokumentaren NRK-journalist Vigdis Holmaas laga i samband med markeringa.

Laster kart, vennligst vent...

Siste video

Programleiar: Tale Hauso
Panini-bølgen sprer seg over landet under VM.
Kvinner i klart undertall gatelangs i Bergen. Nå blir det endring.