NRK Meny
Normal

Avgjerande dagar for flybusselskap

FlybussBergen har hatt tøffe tak sidan oppstarten i 2012. Det første året gjekk dei 3,5 millionar kroner i minus, og i tillegg vart det oppdaga 635 000 kroner i kassamanko. Denne veka ventar dei på ein kjennelse frå retten som kan avgjere selskapet si skjebne.

FlybussBErgen på Flesland

TØFF OPPSTART: FlybussBergen oppdaga 635 000 kroner i kassamanko i 2012. Denne veka ventar selskapet på ein kjennelse frå Oslo tingrett som kan avgjere framtida til selskapet.

Foto: Jan Børge Leirvik

Underslaget på over ein halv million kroner er berre eit av fleire tøffe tak som busselskapet har vore gjennom sidan oppstarten i april 2012.

– Vi reknar saka som avslutta frå selskapet si side. Pengane er sin heilskap ført som tap, seier dagleg leiar Robert Aasmul til Bergensavisen i dag.

I løpet av det første driftsåret gjekk heile aksjekapitalen til FlybussBergen tapt. Årsresultatet vart på 3,5 millionar kroner i minus.

Tøff oppstart

Flybussbråk Bergen

FORNØGDE, MEN ...: I dag meiner FlybussBergen det er rettferdige forhold for dei to selskapa som køyrer flybuss i Bergen. No står dei i fare for å mista haldeplassen.

Foto: Jørgen Eide / NRK

I førre veke fekk dei årsrekneskapen – godt på overtid – godkjent av Brønnøysundregisteret.

Det har sidan oppstarten vore turbulent rundt selskapet. I 2012 tok dei opp kampen mot Tide sine flybussar som har gått til og frå Bergen lufthamn, Flesland i 50 år.

I forbindelse med haldeplassane på flyplassen oppsto det konflikt mellom dei to selskapa. FlybussBergen fekk haldeplassar mellom 30–40 meter frå Tide sine haldeplassar, noko dei meinte var urettferdig.

I desember 2013 såg det ut til å løysa seg, då nye haldeplassar var klare på grunn av utbygginga av Flesland. Dei ligg rett utanfor inngangen til ankomsthallen.

Ventar på dom frå retten

Men den siste månaden har selskapet hamna i ein ny strid, denne gong med Avinor. Hausten 2013 lyste Avinor ut anbod på to haldeplassar for flybussane på Flesland. Tide Buss og FlybussBergen leverte begge kvart sitt tilbod.

I desember 2013 vart det kjent at Avinor avviste tilbodet frå FlybussBergen. Avinor skreiv i pressemeldinga 18. desember at selskapet ikkje oppfylte kravet om tilstrekkeleg økonomisk gjennomføringsevne.

FlybussBergen tok saka til retten, og fredag førre veke møttest partane i Oslo tingrett. Tapar dei saka, får dei ikkje nytta haldeplassane like utanfor ankomsthallen.

– Plasseringa er avgjerande

Inntil vidare får dei framleis halda fram med å sleppe av og ta i mot passasjerar på haldeplassane dei fekk tildelt i desember. Dagleg leiar Aasmul legg ikkje skjul på at haldeplassen dei har i dag er avgjerande for FlybussBergen.

– Vi driv no i pluss og dette er leveleg. Får vi halda fram med denne haldeplassen så overlever vi. Det er ikkje driftsgrunnlag utan, seier han til BA.

Det er venta ein kjennelse frå Oslo tingrett innan kort tid.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
NRK oppsummerer VM så langt.
Den internasjonale sykkelpresidenten Brian Cookson bommet på årstallet da han åpnet sykkel-VM i Bergen.