NRK Meny
Normal

6000 husstandar må koke vatnet

Store deler av Askøy kommune må koke vatnet etter at kommunen i dag fann bakteriar i drikkevatnet. – Folk må koke det som skal drikkast, eller kan ein bruke vatnet på vanleg måte, seier leiar for vass- og avløpsseksjonen.

Kokende vann

MÅ KOKE VATNET: Under rutineprøvar av drikkevatnet i Askøy kommune, blei det i dag oppdaga bakteriar i vatnet. 6000 husstandar blir oppmoda om å koke drikkevatnet.

Foto: Scanstock

Under rutineprøvar av drikkevatnet i Askøy kommune, blei det i dag oppdaga bakteriar i vatnet.

– I dag fann me spor av bakteriar. Dei er heilt ufarlege i seg sjølv, men når ein finn mange av dei kan det tyde på at det også er andre typar bakteriar i vatnet, sier leiar for vass – og avløpsseksjonen i Askøy kommune Anton Bøe.

– I teorien kan det vere E. coli bakteriar i vatnet. Når ein finn det skal ein i alle fall setje i gong eit kokeforbod.

Bøe understrekar at det ikkje er funne E. coli bakteriar i vatnet, men at dei for å vere føre var har valt å sende ut kokevarsel.

6000 husstandar må koke vatnet

Husstandar i desse områda vert oppmoda om å koke vatnet:

  • Juvik
  • Follese
  • Marikoven
  • Strusshamn
  • Skarholmen
  • Heile Kleppestøområdet til og med Olahaugen

Kommunen har ikkje motteke melding om at nokon er blitt sjuke av å drikke vatnet, men ber folk om å vere på den sikre sida.

– Folk må koke det som skal drikkast, elles kan dei bruke vatnet på vanleg måte, seier Bøe.

– Ikkje uvanleg å finne slike bakteriar i vatnet

Det er ikkje uvanleg at det blir funne bakteriar i drikkevatn. Normalt er det ifølgje Bøe inga grunn til å sende ut kokevarsel, men prøvane i dag synte ei så stor mengde bakteriar at kommunen saman med Mattilsynet sende ut ei kokevarsel.

Kokevarselet gjeld til nye prøvar syner at bakterienivået har gått ned att. Det vil truleg ta to dagar før ein kan friskmelde vatnet att. Men dersom prøvane syner andre bakteriar, kan det ta lengre tid, seier Bøe.

Kommunen klorar no vatnet, og har sett i gong med å undersøke kvar desse bakteriane kan komme frå.

Informasjon vert lagt ut fortløpande på Askøy kommune sine nettsider.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås