Hopp til innhold

6000 førsteklassingar vert forsøkskaninar

Eit av dei største forskingsprosjekta i den norske skulen skal finna ut kva fleire lærarar i klasserommet betyr for elevane si evne til å læra.

Skolestart Alvøen Skole

SKULESTART: Førsteklassingane her på Alvøen skule i Bergen er blant dei om lag 6000 utvalde elevane som får ekstra lese- og skrivehjelp frå 1. til 4. klasse.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Prosjektet «Two Teachers» blir omtala som eit av dei største forskingsprosjekta innan norsk utdanning nokon sinne. Denna hausten sparkar det i gong på norske skular.

6000 førsteklassingar over heile landet skal gjennom programmet få ein ekstra lærar i lesing og skriving. Programmet skal følgja elevar ved 150 deltakarskular frå dei byrjar i første klasse til dei går ut av fjerde trinn.

Målet er å undersøka effekten av auka lærartettleik på lese- og skriveundervisinga i startgropa av opplæringa.

I 300 klassar over heile Sør-Noreg vert det difor jubla ekstra høgt ved skulestart denne hausten.

Linda Gundersen

SPENTE: Dennis Gundersen Alterskjær og mamma Linda Gundersen var spente før første skuledag. – Eg tykkjer det er veldig bra at dei får ekstra hjelp. Ordninga vil gje meir tid til kvar enkelt elev, seier mamma Linda Gundersen om Two Teachers-programmet.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Omfattande satsing

På Alvøen skule i Bergen er det første skuledag. I gymsalen sit spente born og foreldre medan namn og kontaktlærarar vert lesne opp.

Foreldra til førsteklassingen Dennis Gundersen Alterskjær jublar stilt frå hjørnet i salen.

6-åringen er blant dei 6000 elevane i landet som skal delta i det omfattande forskingsprosjektet.

– Eg tykkjer det er veldig bra at dei får ekstra hjelp. Ordninga vil gje meir tid til kvar enkelt elev, seier mamma Linda Gundersen.

Kontaktlærar Utne

FORSØK: Elisabeth Balsnes Utne er kontaktlærar for klasse 1C ved Alvøen skule i Bergen. Saman med Sunniva Olsen utgjer ho Two Teachers-prosjektet i førsteklassen. Parallellklassen held fram som før, med éin lærar. På denne måten får ein kartlagd skilnaden.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Det er lettare å avdekkja vanskar tidlegare fordi me er to personar, seier Elisabeth Balsnes Utne, kontaktlærar i klasse 1C ved Alvøen skule.

Så enkelt er det. Ved å auka lærartettleiken i enkelte klassar ynskjer ein å sjå effektane av fleire lærarar i klasserommet.

Utne skal saman med Sunniva Olsen utgjera Two Teachers-paret ved Alvøen skule. Saman skal dei undervisa klassen i lesing og skriving. Lærarane har tru på at dei no kan raskare oppdaga om elevane slit.

– Ofte klarar me å «pusha» dei veldig svake elevane i rett retning. Men når me no er to, kan me møta både sterke og svake elevar på deira nivå, seier Olsen.

Parallellklassen får berre éin lærar

Elevane i parallellklassen skal ikkje ha to lærarar, men skal gjennom akkurat dei same lese- og skriveprøvane. På denne måten får Two Teachers-prosjektet kartlagd effekten av å ha to lærarar i staden for éin.

Olsen meiner tidleg avdekking av lese- og skrivevanskar kan ha vinst i andre fag også.

– Når elevane vert eldre vert det mykje lesing i alle fag. Betre ferdigheiter kan hjelpa dei som strevar å takla også dei andre faga betre.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen på skolebesøk i Oslo
Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Spent kunnskapsminister

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) er spent på å sjå effektane av satsinga. Bakgrunnen for satsinga er regjeringa sitt lærarløft i småtrinnet.

– Regjeringspartia ville samstundes sjå om effekten av å setja inn ekstra lærarressursar fører til at elevar faktisk lærar meir. Det blir spanande å sjå.