Nyhenda kom då forsvarsminister Grete Faremo besøkte marinebasen i dag.
Det er snakk om seks helikopter av typen NH 90 som skal tilknyttast fregattane.
Base-sjef Åsmund Andersen på Haakonsvern seier den nye basen vil koste 280 millionar kroner og sysselsette 60 personar.
- Den absolutt beste løysinga
- Dette er svært gledeleg for oss. Det er ein stor fordel for oss å få fregattane samlokalisert med fregattane våre slik at me kan øve saman, planlegge saman og for det sosiale. Det handlar om å få bygd opp felles kompetanse og å bli ein enda meir komplett base, seier Andersen.
- Viktig for Vestlandet
Forsvarsminister Grete Faremo meiner den nye helikopterbasen er viktig for Vestlandet og for forsvaret på Vestlandet.
- Me får no inn eit heilt nytt våpen som fregattane skal samverke med. Bergen er jo alt hovudkvarteret for sjøforsvaret, og me ynskjer å satse ytterlegare, seier Faremo.
Avviser at det er eit plaster på såret
Forsvarsministeren avviser at helikopterbasen er eit plaster på såret for rekruttskulen likevel ikkje vert flytta til Bergen.
- Dette er ein del av heilskapleg tenking. Me sørgjer å få effektiv ressursutnytting og best mogleg kapasitet i dei investeringane me alt har gjort, seier Faremo.