Hopp til innhold

60 bilførarar i fare

Kven blir den første til å mista lappen grunna for mange prikkar? 60 bilførarar i Hordaland politidistrikt er i faresonen.

Trafikkskilt
Foto: Knut Fjeldstad / Scanpix

Over 60 personar i Hordaland politidistrikt risikerer å mista førarkortet om kort tid fordi dei har fått for mange prikkar.

Ordninga med prikkar blei innført for litt over to år sidan.

Det er no berre eit tidsspørsmål før førstemann har åtte prikkar, og lappen ryk.

Politiet er overraska

Politiet er overraska over det høge talet på personar som no er i faresonen.

-  Me hadde ikkje venta at det skulle vera over 60 personar i Hordaland politidistrikt etter berre to år, seier Jan Gunnar Bøe, som leiar trafikkseksjonen ved Bergen politistasjon.

Dei deler ut prikkar til fartssyndarar, dei som køyrer på raudt lys og bilførarar som ikkje følgjer vikeplikt og andre skilt.

Rå i trafikken

Etter åtte prikkar blir førarkortet inndrege i eit halvt år, og det er ein spesiell type trafikkantar som no ligg nær dette.

-  Ein må vera rimeleg rå i trafikken for å få så mange prikkar. Då ligg ein i gjennomsnitt i 20-30 kilometer i timen over fartsgrensa i høge fartssonar, og 15-20 i 50-60-soner, fortel Bøe.

Vel to år etter at prikkordninga blei innført, trur politiet at ordninga fungerer etter hensikta.

Kan bli teken i dag

-  Me får luka ut dei som er velståande nok til å betala forenkla forelegg, seier han.

Og den som skal bli førstemann med åtte prikkar har truleg ikkje lenge att før han blir teken.

- Slik det ser ut no kan det skje i dag, meiner Bøe.

Dette kan du få prikkar for:

  • Brot på fartsgrensene
  • Køyring mot raudt lys
  • Ulovleg forbikøyring
  • Brot på vikeplikta

 

Korleis får du prikkar?

  • Du blir stoppa av politiet, eller registrert i ein fotoboks
  • Du aksepterer eit forenkla eller vanleg forelegg, eller lar saka gå vidare til tingretten