Hopp til innhold

6 av 10 vil overvake Nygårdsparken

Bergensarane trur kameraovervaking vil få slutt på kriminaliteten i parken.

Nygårdsparken

Bergen Høgre vil ha videoovervaking i Nygårdsparken. I fylgje valgomaten vil fleirtalet av bergensarane det òg.

Foto: Ketil Jordan / NRK

– Det er fort å tenkje at det mest konkrete er den beste løysinga, men dette vil ikkje fungere, seier ruspolitisk talsmann i Venstre, Erlend Horn.

Av dei 38370 gongane NRK sin valgomat er teken, svarar heile 60 prosent at dei trur kameraovervaking vil redusere omsettinga av narkotika i Nygårdsparken i Bergen.

Les òg: Vil overvåke Nygårdsparken

Les òg: - For mykje fokus på Nygårdsparken

Les òg: Utlendinger styrer narkomarkedet

– Folk vil berre ha noko konkret

Andrekandidat og ruspolitisk talsmann i Venstre i Bergen, Erlend Horn, trur tiltaket er attraktivt fordi det er konkret.

– Men me kan ikkje innføre tiltak som ikkje vil virke. Dette vil berre fungere som ei kvilepute og ta fokuset vekk frå det me må gjera, seier Horn.

Bergen Høgre er mellom partia som ynskjer kameraovervaking i parken. Helsebyråd Hilde Onarheim trur tiltaket kan få ned omsettinga og gjere parken tryggare for folk flest.

– For det fyrste vil tiltaket verke førebyggjande. Ein vil ikkje selje narkotika for ope kamera. Dessutan vil det bidra til å gjere parken tryggare for folk flest som brukar den, seier Onarheim.

Sprøyter i Nygårdsparken

Venstre fryktar kameraovervakinga går til åtak på rus-offera, istadenfor bakmennene.

Foto: Grim Berge / NRK

På NRK sin valgomat er 30 prosent delvis samde i at ein burde bruke kameraovervaking, medan 32 prosent er svært samde.

Berre 11 prosent seier dei er svært usamde i forslaget.

– Eit åtak på rus-offer

Venstre fryktar eit slikt tiltak berre vil gå til åtak på dei rusavhengige, og ta fokuset vekk frå bakmennene.

– Kameraovervaking vil ikkje løyse problema til dei rusavhengige. Dei bakmennene me må ta er ikkje så dumme at dei dukkar opp i Nygårdsparken for å selje narkotika. Dette skjer heilt andre stader, og dette er dette både politikarane og politiet må ha fokus på, seier Horn.

– I Nygårdsparken finn me dei rusavhengige. Dei må me hjelpe og ikkje straffe.

Kva konkret tiltak kan Venstre foreslå då?

– Me må sjå til dei byane i Europa som Frankfurt, Zürich og Hamburg som har innført konkrete tiltak som sprøyterom. Det er berre slik me kan løyse problema for dei rusavhengige.

Les òg: Syv av ti vil ha sprøyterom

Politiet i Nygårdsparken

Høgre foreslår eit samarbeid med politiet som skal gå gjennom overvakinga.

Foto: Jan Inge Ebbesvik / NRK

– Folk er vane med å bli overvaka

Venstre er òg bekymra for personvernet til alle som går gjennom parken.

– Det vil jo bety at du ikkje kan gå gjennom der utan å bli kameraovervaka. Retten til privatliv er grunnleggjande, og me skal verne om den, seier Horn.

Onarheim meiner derimot at folk er vand med å bli videoovervaka.

– På bybanestoppen, i banken og på torgallmenningen er det kamera. Dette er ikkje noko nytt for folk.