Hopp til innhold

Dømd til forvaring for å ha tent på huset til sovande mann (90)

Retten meiner 52-åringen ville hemna seg då han tente på huset til ein 90 år gamal mann i Fusa.

Huset til 90-åring på Eikelandsosen i Fusa

SETTE FYR PÅ: 52-åringen braut seg inn i dette huset og tente på to stader. Ein 90 år gamal mann vakna heldigvis av brannen og fekk sløkt.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Ein 52 år gamal mann er i Nordhordland tingrett dømd til fire års forvaring etter ein husbrann i Fusa i fjor haust, melder Bergens Tidende.

Mannen er dømd for å ha brote seg inn og tent på huset til ein 90 år gamal mann i Fusa.

Mannen låg og sov i andre etasje då 52-åringen braut seg inn, helte white-spirit over eit stovebord og i ei trapp, og deretter tente på.

Meiner det er fare for nye lovbrot

I retten har den domfelte ifølge BT forklart at målet ikkje var å ta livet av den 90 år gamle sambygdingen, men å skremma han.

– Det var ein dramatisk og grufull beskjed å få: At det hadde vore folk inne i huset og tent på. Eg vart veldig redd, ikkje minst for kva som hadde skjedd med min far, fortalde dottera til NRK same dag det brann.

Forvaringsdommen har ei minstetid på to år. Retten meiner forvaring er riktig, fordi det er fare for at 52-åringen vil gjennomføra nye, alvorlege lovbrot om han blir dømd til ordinær fengselsstraff.

- Vi meiner denne dommen ikkje er riktig. Det var ikkje dette resultatet vi håpa på, seier forsvarar Christian Flemmen Johansen.

Ville hemne seg

Dommen beskriv handlingane til 52-åringen som planlagde og drive av eit ynskje om hemn.

Ifølge BT har mannen i politiavhøyr forklart at 90-åringen har omtala han negativt fleire gonger, og at dette til slutt førte til eldspåsetjinga.

- Men han har heile tida nekta for at han ønska å tenne på huset slik at brannen skulle spreie seg, presiserer forsvararen.

Sløkte brannen sjølv

Aktor bad i sin sluttprosedyre om seks års forvaring, men dommen er altså noko mildare. Dette fordi retten meiner det ikkje er bevist at brannen kunne utvikla seg til å bli dødeleg om ikkje 90-åringen vakna.

- Vi må sette oss ned og gå gjennom saka i detalj, før vi bestemmer oss for ei eventuell anke, seier Flemmen Johansen.

Mannen som budde i huset sløkte sjølv brannen. 52-åringen er tidlegare domfelt ei rekkje gonger.