500 brev om pasientar kom aldri fram

Legane trudde dei sende pasientopplysningar til helseføretaket. Men ein IT-feil gjorde at breva aldri kom fram. Det tok ti månader å oppdaga feilen.

Haldis Johanne Økland Lier

NYTT SYSTEM: Fagdirektør i Helse Fonna, Haldis Johanne Økland Lier seier omlegginga av datasystemet gjorde at fleire pasientbrev forsvann i lause lufta.

Foto: PAUL ANDRÉ SOMMERFELDT / HAUGALANDNYTT

– Dette er alvorleg, seier pasientombod Rune Skjælaaen.

Totalt 543 digitale brev forsvann då dei skulle sendast internt i Helse Fonna, viser dokument NRK har fått tilgang på.

Breva inneheldt opplysningar om oppfølging av pasientar. Brev frå fastlegar kom fram som dei skulle, men feilen ramma dokument som vart sende frå andre avdelingar i Helse Vest.

Mellom anna forsvann brev som skulle til Haukeland universitetssjukehus.

At det går ti månader frå feilen oppstår til at dei oppdagar den, synest eg ikkje er akseptabelt i det heile.

Rune Skjælaaen, pasientombod

– Beklageleg

Dermed fekk ikkje Helse Fonna opplysningane, som i mange av tilfella omhandla korleis ein pasient skulle få vidare oppfølging hjå dei.

– Dette var ein beklageleg feil, seier Erik M. Hansen, direktør i Helse Vest IKT.

Pasientombodet håpar ein slik feil aldri skjer igjen.

– Eg håpar dei som er ansvarleg for de ansvarleg for desse systema, finn ein måte å kontrollera og kvalitetssikra systema på slik at pasientopplysningane som blir sendt, kjem der dei skal, seier Skjælaaen.

Rune Skjælaaen

IKKJE GODT NOK: Pasientombod i Hordaland Rune Skjælaaen reagerer på at feilen ikkje vart ordna opp i raskare.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

Tok ti månader å oppdage

Helsa Fonna driv blant anna sjukehusa på Stord, Odda og Haugesund. Feilen oppstod i mars i fjor, og vart ikkje oppdaga før ti månader etter,

– Me slo saman journaldatabasane i Helse Vest, og det var i samband med det at denne feilen skjedde, seier Haldis Økland Lier, fagdirektør i Helse Fonna.

Sidan feilen berre gjaldt Helse Fonna, var det vanskeleg å oppdaga feilen før det var gått så lang tid, ifølge Helse Vest IKT.

– Det fungerte for dei andre føretaka, difor gjekk det dessverre lang tid før feilen vart oppdaga, seier Hansen.

– For lang tid

Helse Fonna har no fått ettersendt alle dei sakna dokumenta.

– Me har gått gjennom alle dokumenta, og det har ikkje fått alvorlege konsekvensar for pasientane. Det er me glade for, seier Økland Lier.

Pasientombodet meiner likevel ti månader er lang tid.

– Det er bra at det ikkje har fått konsekvensar for pasientbehandlinga, men at det går ti månader frå feilen oppstår til at dei oppdagar den, synest eg ikkje er akseptabelt i det heile, meiner Skjælaaen.

Helse Vest IKT seier dei har ordna opp i feilen.

– Me har innført nye rutinar med dobbel kontroll. To personar kontrollerer denne type saker, og me har laga betre rutinar for etterkontroll, seier Hansen.

Siste video

Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.
I sesongens siste Skavlan er det duket for landskamp mellom Norge og Sverige: Hvem husker mest fra Skavlan-året? På norsk lag stiller Harald Eia og Josefine Pettersen.
Overvåkningsbilder viser hvordan en bilist kjørte inn inngangen på Fløibanen i Bergen.