Hopp til innhold

500 kvadratmeter er vasskada

500 kvadratmeter av Øygarden skole er skada som følge av ein vasslekkasje. – Første etasje er mest råka, og noko av vatnet har rent ned i kjellaren. Skadesaneringsfirma er bestilt, seier alarmoperatør Helge Lunde i 110-sentralen Hordaland.