Hopp til innhold

500 freda bygg treng store utbetringar

På landsbasis skal det vere over 500 freda bygg som er svært forfalne. Fleire står i fare for å få same skjebne som den freda sjøbua som rasa samen i Sandviken i Bergen på laurdag. – Det er tragisk, seier Geir Abelsen, leiar i Sandvikens kulturhistoriske foreining.

bilde

RASA UT I SJØEN: Store delar av ei sjøbu i Sandviken rasa ut i sjøen laurdag føremiddag.

Foto: Kari Nygard Tvilde

Dei burde ha nytta seg av retten for fleire år sidan, då hadde vi sleppt dette triste synet som no har skjedd

Geir Abelsen, leiar i Sandvikens kulturhistoriske foreining.

– Dette er eit tragisk syn, som vi har gått og venta på lenge, seier Geir Abelsen, leiar i Sandvikens kulturhistoriske foreining.

Han er ein av dei som i mange år har åtvara om forfallet av den freda sjøbua i Sandviken i Bergen.

– Fleire gonger har vi påpeika at det var altfor dårleg og at det ville gå så langt at det ville falle i sjøen. Det var diverre akkurat det som til slutt skjedde, seier Abelsen.

Burde reagert tidlegare

Det var på laurdag at ei freda sjøbu rasa saman i Sandviken. Sjøbua har stått i Sandviken i over 300 år, og skadane på dei ikoniske bygningane i Bergen hamn har fått mange til å reagere.

– Vernestyresmaktene burde reagert langt tidlegare, meiner Abelsen.

Ifølgje riksantikvaren er det på landsbasis over 500 freda bygg som står i fare for å falle saman.

I går fortalt NRK.no at Hordaland fylkeskommune truar med å bruke ein rett dei har ifølgje kulturminnelova til å gå inn og overta sikring og oppussing av det historiske bygget for eigaren si rekning. Det skjer om ikkje eigar sjølv setter i stand bygget innan 1 november.

Historisk å nytte seg av retten

bilde 2

SKUFFA: Geir Abelsen, leiar i Sandvikens kulturhistoriske foreining, meiner at vernestyresmaktene burde reagert langt tidlegare.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret

Gårsdagen vart historisk for Hordaland fylkeskommune, dei har nemleg aldri tatt i bruk retten til å sjølv pusse opp freda bygg for eigaren si rekning. Grunngjevinga til å ta den i bruk no er at sjøbua var i verst stand av alle freda bygg i Hordaland.

– Tilstanden på denne sjøbua har vore verst av alle freda bygg i Hordaland. Det kan eg seie ganske så sikkert, seier fungerande fylkesdirektør for kultur, Ronny Skaar.

– Dei burde ha nytta seg av denne retten for fleire år sidan, då hadde vi sleppt dette triste synet som no har skjedd, seier Abelsen.

Fylkeskommunen tar kritikken til seg.

– I dette tilfellet så har vi hatt god peiling på at tilstanden ikkje var så bra, men at det faktisk skulle rase – det hadde ikkje vi forventa, seier Skaar.

Mange reaksjonar

Etter at bygget rasa saman har det kome mange reaksjonar, blant anna frå seniorrådgjevar Tryggve Fett ved Bymuseet i Bergen, og Anders Haaland som sit i styret i Bergen kulturhistoriske museum.

Torstein Dahle i Rødt har i eit brev oppmoda byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen, Fylkeskonservatoren i Hordaland og Riksantikvaren om å politimelde leiing og eigarar i Sjøbodutvikling AS for miljøkriminalitet.

– Det er eineståande byggverk, så det at dei berre forfell og rasar saman på denne måten her er heilt horribelt, sa han til NRK i helga.